5.div.: Sunnylven tapte toppkampen

Sunnylven tapte 3-2 mot serieleiar Hovdebygda, og dermed ser du ut til at dagens gjestar skal spele i 4.divisjon neste sesong.

Etter fem strake sigrar vart Hovdebygda eit lite hakk for sterk for Sunnylven i dag.  Etter ein mållaus 1.omgong, så vart det meir som skjedde etter kvila.

 

Hovdebygda opna 2.omgongen med to scoringar før det var spelt 15 min, men heimelaget slo tilbake og reduserte først på straffe ved Bård Forbord før Alf Ole Sundgot utligna til 2-2 med sitt seriemål nr.34.  Etter dette bølga spelet fram og tilbake, og begge lag kunne sikra sigeren, men det vart Hovdebygda som kunne juble to minutt før slutt då dei sette ballen i mål etter ei kontring.

Med denne sigeren er gjestane frå flyplassland nesten sikra opprykket, og Sunnylven ynskjer dei lykke til i den nye 4.divisjon. Fortjent!

 

Laget: Daniel Sørli, Per Ove Frøysa, Daniel Nybø Støverstein, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Leif Rune Tryggestad, Torstein Tafjord, Alf Ole Sundgot.

Nytta reserve var Kenneth-Andre Hole.

 

Dommar var Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Sunnylven - Hovdebygda: 2-3 (0-0)
Hellesylt stadion
29. september 2010 18:30
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven
Mål
Bård Forbord, 1 mål
Alf Ole Sundgot, 1 mål
Hovdebygda
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
29.09.2010 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-0)
16.06.2010 Hovdebygda - Sunnylven 1-0 (1-0)
19.09.2009 Hovdebygda - Sunnylven 3-2 (1-1)
04.06.2009 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-2)
07.10.2006 Sunnylven - Hovdebygda 4-1 (2-1)
29.06.2006 Hovdebygda - Sunnylven 1-3 (0-0)
07.04.2005 Sunnylven - Hovdebygda 3-1 (0-0)
14.08.1999 Sunnylven - Hovdebygda 3-0 (2-0)
05.05.1999 Hovdebygda - Sunnylven 2-4 (1-1)
01.09.1995 Hovdebygda - Sunnylven 1-6 (1-2)
01.06.1995 Sunnylven - Hovdebygda 2-2 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven