Etter uavgjort i serieopninga mot Hareid 2 var det eit spent Sunnylven-lag som skulle teste ut grasbane for første gong i år. Gjerdsvika var vertar og presenterte ei god grasbane.
Ved pause var stillinga 0-0, men etter kvilen fekk Sunnylven skikkelig utteljing og stoppa ikkje før sju ballar hadde hamna bak målvakta til Gjerdsvika.
Mykje bra spel og gode angrep vart ofte avslutta med scoring denne omgongen.
Sunnylven sine mål vart scora av Andreas Fjørstad (3), Torstein Tafjord (2), Alf Ole Sundgot (1) og Ole Hjalmar Bonsaksen (1).
Dommar Palmar Blindheim, Blindheim IL dømde godt i ein velspela kamp.



Skriv kort ei årsak for det