Sunnylven sitt G19-lag gjennomførte ein grei kamp mot Spjelkavik, men tapte kampen knepent 1-2 til slutt.
I første omgang vart heimelaget satt under eit voldsomt press, og i motvinden sleit laget med å komme seg ut av eige forsvar. Likevel rydda laget godt opp i sjansane som Spjelkavik skapte, kun eit langskot måtte keeper plukke ut av nota. Mot slutten av omgangen kom Sunnylven litt meir med, og Torstein Tafjord utnytta sjansen sin på beste måte og utlikna til 1-1.
Etter pause vart kampen jamnare, og heimelaget klarte å komme høgare i bana. Helge Tryggestad, og alle andre på stadion, trudde han hadde gitt heimelaget leiinga, men dommar Liset annulerte målet feilaktig for offside på ein annan spelar - dommar beklaga feilvurderinga si etter kampen.... Omtrent 20 min før slutt så fekk gjestane løsna eit nytt langskot som ikkje vart stoppa, og dermed 1-2 - noko som også vart sluttresultatet.
Sunnylven sitt lag: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Emil Moltu Staurset, Sondre Nybø Støverstein, Olav Erling Aaland, Helge Tryggestad, Hans Jørgen Fivelstad, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Torstein Tafjord, Daniel Nybø Støverstein.
Nytta innbyttarar var Lars Jørgen Hole, Håkon Hovland og Ole Hjalmar Bonsaksen.
Dommar var Per Helge Liset, Stranda IL.



Skriv kort ei årsak for det