I tredje serierunde i juniorserien tapte Sunnylven 3-2 mot Brattvåg på Brattvåg kunstgras. Heimelaget leia 2-1 til pause, og sikra sigeren i kampens siste ordinære minutt.
I første omgang var Sunnylven rufsete bakover på bana, og slurv førte til at Brattvåg scora to gongar før Sunnylven reduserte rett før pause ved Torstein Tafjord. Denne omgangen er det svakaste laget har prestert defensivt i år, men offensivt burde laget utnytta sine sjanser bedre.
Etter pause var Sunnylven mykje bedre med, og pressa Brattvåg heile omgangen. Til tross for store sjanser, inkl eit tverrliggerskot, så vart det kun med Helge Tryggestad si utlikning. Heilt på slutten fekk Brattvåg ei kontring, etter balltap på midten fra gjestane, og var heldige og fekk sigersmålet via ein Sunnylvs-spelar.
Laget: Lars Jørgen Hole. Ole Hjalmar Bonsaksen, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Sondre Nybø Støverstein, Daniel Nybø Støverstein, Helge Tryggestad, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Olav Erling Aaland, Andreas Fjørstad, Torstein Tafjord.
Nytta reservar var Håkon Hovland og Hans Jørgen Fivelstad.
Dommar Geir Arne Nordby, Ravn, klarte seg godt.



Skriv kort ei årsak for det