Poengtap for damelaget

Sunnylven tok imot Herd på Hellesylt stadion onsdag, og etter pausestilling 2-2 endte kampen med poengdeling og sluttresultatet 5-5!

Sunnylven og Herd møttes til toppoppgjer på Hellesylt stadion onsdag, og etter ein målrik og spanande kamp delte laga poenga etter 5-5 som sluttresultat.

Herd starta kampen best og tok leiinga 2-0 midtveis i 1.omgang, men Sunnylven kom meir inn i kampen mot slutten av omgangen og klarte å utligne til 2-2 før dommaren blåste laga til pause.  Måla til Sunnylven før pause vart scora av Kamilla Åsen og Kirsti Frøysadal Hauge.

Etter pause fortsatte Sunnylven å spele bra og fekk etterkvart også scoringer, laget gjekk opp i 4-2 etter scoringer av Anniken Hjellbakk Hole og Kamilla Åsen sitt andre mål.  Bortelaget slo tilbake og putta to raske - dermed uavgjort 4-4.

Når det gjenstod omlag ti minutt fekk Sunnylven frispark som vart slått inn i feltet, og ein Herd-spelar var uheldig å sette ballen i eige nett.  Dei fleste trudde nok at Sunnylven skulle hale sigeren i land, men på tampen utligna Herd med kampens tiande mål - og fastsatte sluttresultatet til utrulige 5-5.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Sunnylven - Herd: 5-5 (2-2)
Hellesylt stadion
27. mai 2009 18:30
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven
Herd
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
09.09.2009 Herd - Sunnylven 3-4
27.05.2009 Sunnylven - Herd 5-5 (2-2)
30.05.2007 Sunnylven - Herd 0-7 (0-3)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven