Sunnylven hadde som målsetting før kamp å halde nullen samt og score meir enn to mål.
Laget starta kampen bra, var agressive i duellane og fekk fleire ballvinningar. Etter fire minutt førte ei av dei til at Alf Ole kom gjennom, og åleine med keeper feila han ikkje.
Etter dette fall intensisteten i spelet vårt litt, og Stordal hadde ballen ein del, utan å skape dei store sjansane. Dei laga eit sjølvmål etter knappe 20 min. Dei siste 10 minutta av omgongen heva vi kvaliteten på spelet vårt igjen, og "dagens mål" vart laga etter vel 35 min. då ei kontring etter læreboka vart stupheada inn av Alf Ole. Nokre minutt seinare gikk Terje solo frå midten og feila ikkje åleine med keeper, dermed 4-0 til pause.
Den første halvtimen i andre omgong sleit Sunnylven med å få til eige spel. Laget vart for unøyaktig i pasningsspelet og kom for sjeldan opp i press. Likevel sette Alf Ole inn to nye fulltreffarar og Terje sitt andre for kvelden.
Alt i alt ei grei gjennomkøyring for laget. Kampen viste at Sunnylven fortsatt har ein del å jobbe med for å prøve å forkorte dei svake periodane, men det skal nok laget klare før seriestarten.
Neste oppgåve, og siste før seriestart, er graskamp på Giske laurdag.


