Sunnylven stilte til kamp med mykje ungt og noko gammalt. Reidar Støverstein var tilbake i midtforsvaret medan Jørgen Helset fekk prøve seg som sentral midtbane spelar. Bergsøy gjekk tidleg opp i leiinga og økte seinare til 2-0. Helge Tryggestad reduserte til 1-2 like før pause, og gav dermed vertane håp om poeng.
Etter pause kom laget på bana med ny giv. Tross i mange sjansar, klarte ikkje Sunnylven å sette ballen i mål. Bergsøy vart tildelt straffespark og auka dermed leiinga til 3-1. Heimelaget forsette i samme stil, og scora to fine mål. Vertane fekk dermed tru på seier, og sjansane kom begge vegar, men nok ein gang glapp det mot slutten og Bergsøy sette inn den avgjerande scoringa tre min. før slutt, og dermed vart stillinga 3-4.



Skriv kort ei årsak for det