Laget si målsetjing var før kampen å gå ut å vinne duellane og våge å spele ball.
Før halvminuttet var gått hadde Terje Haugen Øye bua ballen nydeleg i mål frå skrått hald. Og berre et par minutt seinare hadde same mann ei heading i tverrstonga.
Laget fortsette å stå på og 10 minutt seinare laga Hans Kristian Hjellbakk Hole 2-0 etter gjenvinning i feltet. Etter denne gode starten hadde laget fleire muligheiter utover omgongen, men utan utteljing. Gjestane frå Vigra hadde overraskande lite å by på.
Etter pause gjekk det berre eit par minutt før gjestane reduserte på ei gjennomløping som burde vore stoppa ved midten. Ikkje lenge etter vart det utlikning der det var manglande markering på bakerste stolpe. Det vart tydeleg at heimelaget hadde mange trøtte bein for det vart etter kvart store avstandar i markeringane. Likevel vart det til tider produsert gode og store sjansar, utan at det vart utteljing. Gjestane laga to nye mål før Terje sette inn sitt andre for kvelden på straffespark like før slutt.
Laget tek no ei pause frå fellestreningane før ein samlast til oppkøyringa til ein tøff haustsesong.



Skriv kort ei årsak for det