Viktig siger for Sunnylven

Sunnylven vant 5-3 på bortebane mot Åmdal torsdag, etter at laget leia 4-1 til pause.

Åmdal hadde i dei to siste kampane tapt 3-9 mot Stranda og slått Vartdal 5-1, og hadde trua på nok ein siger då Sunnylven besøkte Legene torsdag.

Allereie etter tre minutt av kampen var Sunnylven i leiing, og auka raskt til 2-0 og før halvtimen var spelt leia gjestane 3-0.  Då Sunnylven-keeper Stenberg redda straffe rett etter og Alf Ole Sundgot fullførte sitt ekte hattrick så var det alt som tyda på at dette var Sunnylven sin kveld.  At Åmdal reduserte rett før pause betydde ingenting akkurat då.

Etter pause reduserte Åmdal enda ein gong slik at stillinga var 2-4 når 90 minutt var passert.  Vertane reduserte enda ein gong, men Terje Haugen Øye, som starta scoringane for Sunnylven, fastsette sluttresultatet til 3-5 og dermed tre viktige poeng for Sunnylven.

Skader og eksamensførebuingar gjorde slik at trenar Sindre Hjelle hadde ei lita tropp til denne kampen, men alle gjorde ein god innsats og vart belønna med tre velfortjente poeng.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Åmdal - Sunnylven: 3-5 (1-4)
Legane gras
11. juni 2009 18:30
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Tor Bjermeland, Ålesund
Assistentdomarar: Birger Breivik, Volda og Tor Henning Andersen, Hareid
Mål
Alf Ole Sundgot, 7 min.
Alf Ole Sundgot, 29 min.
Alf Ole Sundgot, 37 min.
Åmdal
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
26.09.2009 Sunnylven - Åmdal 0-4
11.06.2009 Åmdal - Sunnylven 3-5 (1-4)
03.08.1991 Åmdal - Sunnylven 2-1 (1-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven