Sunnylven starta kampen bra, og hadde to farlege hjørnespark som kunne gitt scoring. Når Hovdebygda får corner etter knappe 10 min, så utnytta dei den på beste måte og dermed 1-0 til bortelaget.
Utover omgangen spelte begge laga med mange lange framspel, og det var gjestane som var nærast scoring. Fem minutt før pause utnytta Hovdebygda nok ein corner på beste måte og laget kunne gå til pause med tomålsleiing.
Etter pause starta Sunnylven godt, og etter ei god gjennombruddspasning fra Olav Åge Åsen kunne Alf Ole Sundgot redusere til 1-2. Ikkje lenge etter kom utligninga, denne gongen gjorde Terje Haugen Øye alt sjølv og dermed 2-2.
Siste halvtimen bølga spelet fram og tilbake, og begge lag kunne scora fleire mål. Rett før slutt kom målet som avgjorde kampen, og det var gjestane Hovdebygda som kunne juble for 3-2 og tre viktige poeng.



Skriv kort ei årsak for det