4.div: Heimejubel for tre poeng

Sunnylven vant 4-3 mot Åram/Van.kam i ein sjanserik kamp på Hellesylt stadion. Heimelaget leia 4-2 halvveis, men bortelaget klarte kun ei redusering i 2.omg.

Sunnylven sine målscorarar var Terje Haugen Øye (2), Alf Ole Sundgot og eit sjølmål.

 

Sunnylven starta kampen bra, vann ballen i bra posisjonar og kom til nokre gode innlegg. Etter eit godt innlegg av ein Åram-spelar tok gjestane leiinga.
Sist på ballen var dessverre ein spelar på heimelaget. Ei lita stund seinare skjedde det same på motsatt side. Ein spelar på bortelaget sette ballen i eige mål, og laga var like langt.


Det tok ikkje lange tida etter det før Alf gjorde ein kjempelobb som gjekk i tverrstonga, og Terje var frampå og sette returen sikkert i nota.Terje fekk no blod på tann og laga eit kjempemål midtvegs i omgongen.
Ti minutt seinare reduserte gjestane før Alf laga heimelaget sitt fjerde for kvelden rett før kvilen.
Andre omgong vart ikkje så målrik. Det vart berre med den eine reduseringa for gjestane, sjølv om begge lag hadde muligheiter for fleire mål. Dermed vart det tre poeng i første heimekamp, og revansj etter tapet mot Vigra. God kampleiing av Oddbjørn Aam.

Laget: Eirik Stenberg, Vidar Even Leite, Jørgen Helset, Tor Odd Kjellstadli, Robert Tryggestad, Daniel Nybø Støverstein, Bård Forbord, Olav Åge Åsen, Helge Tryggestad, Terje Haugen Øye, Alf Ole Sundgot.

Nytta reserve var Leif Rune Tryggestad.

Dommartrio: Oddbjørn Aam, Åmdal - Svein Ole Sørensen, VRF - Antoni Vike Danielsen, Rollon.

 

Kampfakta
Sunnylven - Åram/VanKam: 4-3 (4-2)
Hellesylt stadion
24. april 2009 19:00
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Åram/VanKam
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven