Sunnylven spelte ein godkjent 1.omgang, der laget låg kompakt og bra organisert defensivt. Vigra skapte nesten ingenting, bortsett fra eit par farleg dødballar, medan Sunnylven hadde tre gode sjansar - desverre utan resultat.
2.omgang startar med ein stor dobbeltsjanse for gjestane, men igjen utan å lykkast framfor målet. Vigra tek leiinga etter ca ti min av omgangen, der Sunnylven er for seine til å presse heimelaget.
Heimelaget måtte spele siste halvtimen med ein mann mindre etter ei utvisning, men bortsett frå ein sjanse fra Alf Ole, så var det heimelaget som likevel var farlegast. Sunnylven vart slitne mot slutten og då kjem personlege feil og presset på heimelaget blir mindre - dermed er det Vigra som scorar tre mål i siste delen av kampen.
Neste seriekamp for Sunnylven er neste fredag, 24.april: Sunnylven-Åram/Van.kam.



Skriv kort ei årsak for det