I fjor tapte Sunnylven klart begge kampane mot Stordal då laga spela i same divisjon. Laurdag tok -nye- Sunnylven ein knapp, men fortjent siger. -Kjekt å vinne fotballkampar, og sjå at vi kan vinne også mot Stordal, eit godt, teknisk bra og spelande lag-, sa trenar Sindre Hjelle etter kampen. Han var spesielt godt nøgd med fyrste omgang, i andre vart det meir varierande spel. Litt kondisjonssvikt hos enkelt, antyda han. Målet vart signert Bård Forbord midtvegs i fyrste omgang, etter eit frispark og retur dundra han ballen i nota frå 22 meter.
Laget sin nye polske keeper stod godt i mål for Sunnylven. Om han blir klar til serieopning er framleis svært usikkert. Vanlegvis går det 30 dagar då dette er ein internasjonal overgang frå islandsk klubb, har vi fått opplyst i fotballforbundet, seier Hjelle.
Stranda neste
Torsdag er det serieopning i 4. divisjon. Då møtest Stranda og Sunnylven på Stranda stadion. Vår antydning om at Stranda er favoritt, var Hjelle også samd i.
- "Det burde vere rått parti, naboklubben trenar mykje meir og har ein langt større stall, så dei burde vinne soleklart. Men fotballen er rund, så spelar Sunnylven opp mot sitt beste, kan vi ha ei mulegheit".


