Sunnylven fekk ein god start på kampen. Frå hjørnespark skrudde Bård Forbord ballen direkte i mål til leiing 1-0. Resten av omgangen vart eit stort trykk frå gjestane mot heimelaget som mangla Alf Ole Sundgot på topp i denne kampen. Han var ute med ribbeinsbrot frå Vigra-kampen. Helge Tryggestad vart for einsam i angrep mot eit sikkert og robuste gjesteforsvar.
Redusert med to
Sunnylven heldt 1-0 ut omgangen. Bergsøy starta også andre omgang i stort tempo og trykte heimelaget bakover. Difor var det ikkje ufortjent at utlikninga kom etter hjørnespark. Like etter fekk Bergsøy straffespark, og dermed var laget i leiing 2-1.
Det vart etter kvart eit ”haltande” heimelag i bokstavleg forstand i andre omgang. Vidar Even Leite kjente tydeleg ein tidlegare strekkskade, det same gjorde lagkaptein Jørgen Helset, og begge måtte få avløysing. Når så Bård Forbord fekk direkte rødt kort, det fyrste nokon gong i midtbanekjemparen si lange fotballkarriere, og Helge Tryggestad fekk sjå same farge etter to gule, såg poeng til Sunnylven vanskeleg ut.
I opprykkstriden
Innbyttar Jens Arve Forbord tente likevel eit håp då Bergsøy sin burvaktar gav retur på frispark. Då var den aldrande storskåraren på rett plass nok ein gong og på fyrste spark sette ballen i mål til 2-2.
Bergsøy gav ikkje opp sjansen til å blande seg i opprykkstriden med siger på Hellesylt stadion. Daniel Berbecki i heimemålet fekk mykje å gjere og var både på ”skogtur” og storspela. Etter kvart måtte han hente to nye ballar frå nettmaskene, den siste like før domar Oddbjørn Aam bles for full tid. Bergsøy vann fortent 4-2.


