Sunnylven - Norborg
Sunnylven vann 3-2 over Norborg på Hellesylt stadion laurdag. Gjestane skora fyrst og sist, men poenga gjekk til heimelaget etter fulltreffarar av Alf Ole Sundgot, Bård Forbord og Olav Åge Åsen.
Det var få av rundt 80 på tribuna som hadde venta poeng på Hellesylt stadion laurdag. Leiarlaget og opprykkskandidat Norborg var motstandar, men viste ikkje 3. divisjons-spel i denne kampen. Sunnylven var meir enn på høgde, eit lag i mannskapskrise og som hadde henta inn ”gamle travarar” som Jens Arve Forbord og Reidar Støverstein for å fylle opp startellevaren. Dei gjorde jobben til fulle og bør få fornya tillit. Det bør også resten av mannskapet til trenar Sindre Hjelle etter laurdagens kamp.

Uavgjort etter fyrste omgang

Det vart ein litt nølande start for heimelaget, og Norborg tok føringa etter eit kvarter. Terje Urkedal var siste mann på ballen i mølja framfor Daniel Berbecki sitt mål. Norborg kom også til fleire hjørnespark i medvinden, men Sunnylvs-forsvaret rydda kompromisslaust unna.

I ei av fleire kontringar for heimelaget kom utlikninga. Gjestane sin solide sisteskanse, Geir Roar Gamlen kom på halvdistanse og Alf Ole Sundgot lobba elegant i lengste hjørne.

To nye fulltreffarar

Lynraske Sundgot var stadig ei utfordring for forsvaret til Haram-laget, og i andre omgang måtte orangetrøyene bruke ulovlege midlar innafor straffefeltet. Bård Forbord som spela ein ny, god kamp var som vanleg sikker frå straffemerket og dermed stod det 2-1. Deretter styrte Sunnylven det meste, og berre eit tigersprang frå gjestane sin burvaktar hindra at Reidar Støverstein skalla inn nytt heimemål. Det skulle kome seinare. Etter 75. minutt steig Olav Åge Åsen høgast på eit innlegg og med eit presist hodestøyt sende ballen utagbart i mål.

Redusert til ti

Norborg har alltid hatt problem med å hente poeng på Hellesylt stadion, og etter eigne utsagn har dei sparka ballen på elva i forsøk på å redusere tapa. På laurdag vart laget redusert til ti mann etter to gule for Steffen Grytten. Norborg kjempa vidare, men sjølv om eit straffespark og Terje Urkedal pynta på resultatet ti minutt før full tid, vart alle poenga verande på Hellesylt. Ein fortjent og populær siger, for Sunnylven hadde spela ein av sine beste kampar på heimebane i år.

Gode var også kampleiarane, hoveddomar Øystein Ytterland, Valder IL og Oddbjørn Aam, Åmdal IL og Svein-Ole Sørensen,VRF på linjene.
Kampfakta
Sunnylven - Norborg: 3-2 (1-1)
Hellesylt stadion
20. september 2008 15:00
4. divisjon, 2008

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Øystein Ytterland, Valder IL
Assistentdomarar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL og Svein-Ole Sørensen, VRF
Observatør: Bo Grebstad, Sykkylven FK
Mål
Alf Ole Sundgot, 22 min.
Bård Forbord, 65 min. (str.)
Olav Åge Åsen, 75 min.
Norborg
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
20.09.2008 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
05.06.2008 Norborg - Sunnylven 2-2 (2-1)
13.10.2007 Norborg - Sunnylven 1-1 (0-0)
26.04.2007 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
25.11.2006 Sunnylven - Norborg 2 5-3 (0-0)
10.08.2006 Norborg - Sunnylven 5-3 (4-2)
04.05.2006 Sunnylven - Norborg 2-1 (1-0)
25.08.2005 Norborg - Sunnylven 3-3 (2-1)
12.05.2005 Sunnylven - Norborg 2-2 (0-1)
12.08.2004 Norborg - Sunnylven 3-2 (0-0)
06.05.2004 Sunnylven - Norborg 6-1 (4-1)
21.09.1997 Norborg - Sunnylven 0-5 (0-1)
06.08.1997 Sunnylven - Norborg 5-3 (1-2)
28.05.1997 Norborg - Sunnylven 2-4 (1-1)
15.09.1991 Norborg - Sunnylven 1-6 (0-3)
08.06.1991 Sunnylven - Norborg 2-0 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven