Sunnylven drog til bortemøtet mot Åram/Van.kam med eit ungt og spanande lag, eit mannskap som skulle vise seg å overraske. Etter 93. minutt stod det 1-1 som også vart sluttresultatet og poengdeling.
Begge lag trong poeng, heimelaget mest. ÅVK starta hardt og hadde gjestane under eit visst press dei fyrste minutta. Men Sunnylven kom klar stormangrepa med mellom anna skot i tverliggaren, heilt til 35. minutt då det stod 1-0. Også raudetrøyene frå Hellesylt var frampå utan at det vart nettkjenning.
Andre omgang starta Sunnylven best og hadde sjansar til skoring før spelet etter kvart jamna seg ut. Også ÅVK var med på notane, men skapte lite. Det såg ut til å gå mot heimesiger, men tre minutt inn i tilleggstid skora Sunnylven utlikningsmålet ved Kim Sture Flo. Om jubelen var like ekstatisk på Eidsåvoll som etter skoring mot Stranda under Sommardagane, er ukjent, men gav eit viktig poeng til Sunnylven.
Det vart ein jobbekamp for gjestane frå Hellesylt. Få hadde venta poeng då mange av dei faste på laget var ute med karantene, skade eller på reise. Men stor innsats frå fleire lønte seg og gav eit viktig poeng.
Åram/Van.Kam - Sunnylven
Sunnylven sin stødige forsvarsspelar i fleire sesongar flytta til Trondheim i august. I helga var Kim Sture Flo tilbake på laget og skora målet som gav 1-1 og sikra eitt poeng mot Åram/Van.kam.
Kampfakta
Åram/Van.Kam - Sunnylven: 1-1
(1-0)
Eidsåvoll stadion
13. september 2008 15:00
4. divisjon, 2008
Tilskodarar: Ukjent antal
Domar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL
Assistentdomarar: Lars Ove Sletta, Langevåg IL og Inge Mortveit, Larsnes IL
Mål
Kim Sture Flo,
90
min.
Åram/Van.Kam
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Åram/VanKam?
| Siger |
| 38% |
| Uavgjort |
| 13% |
| Tap |
| 50% |
Antall stemme:: 8
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)


