Det vart til tider eit ampert oppgjør då laget frå havlandet hadde teke turen til Hellesylt i håp om nye poeng. Poenga vart verande hos heimelaget. Gjestane måtte fullføre med ni mann etter at domar Jim Dyb leita fram to raude av haustens fargar til Gursken/Larsnes.
Sunnylven opna med skoring alt etter to minutt, eit hjørnespark som kaptein Jørgen Helset stanga i ”kassa”. Og snart stod det 2-0, Alf Ole Sundgot vart takla og straffesparket dundra Bård Forbord i nota. Det vart også pauseresultatet.
Etter kvart vart det tøffe tak ute på bana i andre omgang, og då målmann på GuLas delja til Jens Arve Forbord, vart det dusjen neste for gjestane sin burvaktar.
Sunnylven gjekk snart opp til 3-0 ved Olav Åge Åsen, og 4-0 på nytt straffespark ved Jens Arve Forbord. Her vart Alf Ole Sundgot på nytt hekta ulovleg, og ein ny spelar hos gjestane vart utvist.
Alf Ole Sundgot avslutta skoringsfesten for Sunnylven med to mål på slutten og fastsette sigeren til 6-0.
Sunnylven var best, det var svært fortent med tre poeng. Spelarane gjennomførte ein god kamp samanlikna med oppgjøret mot HaNo. Veldig kjekt å vinne og ta tre poeng igjen, sa trenar Sindre Hjelle som slit med liten spelarstall, men har tru på at laget vil halde seg i 4. divisjon.
Sunnylven - Gursken/Larsnes
Sunnylven varta opp med skoringsfest då dei møtte Gursken/Larsnes på Hellesylt stadion laurdag. 6-0 sigeren sikra truleg ny 4. div.-kontrakta for laget neste sesong.
Kampfakta
Sunnylven - Gursken/Larsnes: 6-0
(2-0)
Hellesylt stadion
6. september 2008 15:00
4. divisjon, 2008
Tilskodarar: Ukjent antal
Domar: Jim Andre A. Dyb, Giske IL
Assistentdomarar: Kjell Erik Slinning, Herd spk. og Svein-Ole Sørensen, VRF
Mål
Jørgen Helset,
1
min.
Bård Forbord,
14
min.
(str.)
Olav Åge Åsen,
52
min.
Jens Arve Forbord,
60
min.
(str.)
Alf Ole Sundgot,
85
min.
Sunnylven
Gursken/Larsnes
Alle møter:
06.09.2008 Sunnylven - Gursken/Larsnes 6-0 (2-0)
24.05.2008 Gursken/Larsnes - Sunnylven 1-1 (0-0)
16.08.2007 Larsnes/Gursken - Sunnylven 2-0 (0-0)
12.05.2007 Sunnylven - Larsnes/Gursken 3-1 (3-0)
01.10.2006 Larsnes/Gursken - Sunnylven 1-1 (1-1)
24.06.2006 Sunnylven - Larsnes/Gursken 5-1 (1-0)
13.09.2003 Sunnylven - Larsnes 4-2 (1-2)
11.06.2003 Larsnes - Sunnylven 1-2 (1-1)
28.08.1999 Sunnylven - Larsnes 8-0 (4-0)
30.05.1999 Larsnes - Sunnylven 1-3 (0-0)
21.02.1999 Larsnes - Sunnylven 0-7 (0-4)
10.08.1996 Sunnylven - Larsnes 4-2 (1-2)
05.05.1996 Larsnes - Sunnylven 2-0 (1-0)
03.09.1994 Larsnes - Sunnylven 3-0 (0-0)
04.06.1994 Sunnylven - Larsnes 1-0 (0-0)
18.09.1993 Larsnes - Sunnylven 4-6 (1-1)
16.06.1993 Sunnylven - Larsnes 4-2 (3-0)
05.07.1992 Larsnes - Sunnylven 0-2 (0-2)
26.04.1992 Sunnylven - Larsnes 0-1 (0-0)


