Sunnylven - Ørsta

Sunnylven hadde alle poenga i -lomma-, men tre minutt før kampslutt utlikna Ørsta til 1-1. Dermed enda kampen med same resultat som i vårmøte, og med poengdeling.

Ørsta besøkte Hellesylt stadion for andre gong gjennom tidene, fyrst var ein cupkamp mot Stranda for åtte år sidan. 4. divisjons-kampen torsdag gav nok ikkje det resultatet som gjestane hadde tenkt seg, for på Hellesylt møtte dei eit hardt kjempande heimelag. Ørsta blir nok verande i 4. divisjon ein sesong til.

Etter ein mållaus og sjansefattig fyrste omgang, vart det meir fart over oppgjøret i andre halvdel. Og Sunnylven var fullt på høgde med laget som ut frå forutsetningar skulle vere fleire hakk betre. Ørsta prøvde å spele seg til måltilbod medan Sunnylven satsa mest på lange oppspel mot Alf Ole Sundgot på topp.

Etter ti minutt i andre omgang lukkast raudetrøyene. Eit frispark frå Jan Ove Aslaksen stussar innom Alf Ole og går i mål til heimeleiing. Same spelar hadde også sjanse til å auke leiinga litt seinare åleine med keeper, men misslukkast.

Øydela feiring
Det såg ut til å gå mot ein litt uventa heimesiger, men i aller siste minutt av ordiner tid fekk Ørsta si utlikning, dundra i mål av Kai Henning Leira. Ikkje ufortjent etter spel og sjansar gjennom kampen, men sikkert bittert for spelarar og heimepublikum som nesten var klar til feiring.

Sunnylven hadde knapt med spelarar til kampen torsdag grunna karantener, skadar og reise. Difor var tidlegare storheiter i klubben klargjort for innsats, Reidar Støverstein spela heile kampen og gjorde ein solid innsats, medan Jens Arve Fiorbord kom innpå som innbyttar heilt på slutten.

Stortalent
Kampens beste spelar var 16 år gamle Daniel Nybø Støverstein på Sunnylven. Eit stortalent som snart må vere klar for andre kampar, til dømes kretslag for gutar.

God dommar var Lars Ove Sletta, Langevåg. Endeleg ein dommar som brukte peikefingeren i staden for kortstokken når spelet hardna litt. Ikkje eit einaste kort i heile kampen. Det var godt å oppleve.

Kampfakta
Sunnylven - Ørsta: 1-1 (0-0)
Hellesylt stadion
21. august 2008 19:00
4. divisjon, 2008

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Lars Ove Sletta, Langevåg IL
Assistentdomarar: Palmar Blindheim, Blindheim IL og Antoni Vike Danielsen, Rollon Spkl.
Mål
Alf Ole Sundgot, 55 min.
Ørsta
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
29.05.2009 Ørsta - Sunnylven 5-0 (3-0)
14.04.2009 Sunnylven - Ørsta 1-5
21.08.2008 Sunnylven - Ørsta 1-1 (0-0)
17.06.2008 Ørsta - Sunnylven 1-1 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven