Vartdal opna kampen best og spela med fart og kraft i fyrste omgang, men det svikta i avslutningane. Ingen ting gav teljande resultat, for Sunnylven var dyktige å forsvare seg, men skapte sjølve lite framover. Det vart ein omgang utan store sjansar til nokon av laga, og det stod 0-0 ved pause.
I andre halvdel vart det meir fart framover også over heimelaget, og fleire halvsjansar tende håp om poeng til Sunnylven. Etter kvart vart det fleire tøffe duellar, og domar Mathias Kringstad drog opp det gule kortet til Olav Åge Åsen, Trond Tryggestad og Helge Tryggestad på heimelaget. Vartdal slapp unna.
Mange trudde at Sunnylven tok leiinga i kampen då Jørgen Helset brende av på frispart frå midtlina og ballen gjekk over alle inkludert keeper og i mål. Men assistentdomar hevda at ein raud/blå hadde flytta seg og hindra motspelar i forsvaret, og dermed annulert skoring.
Fem minutt seinare fastset Vartdal sluttresultatet med si skoring. Daniel Berbecki kunne lite gjere med det knallharde skotet frå kort hald.
I sluttminutta pressa Sunnylven på for utlikning, men lukkast ikkje mot ein til tider heldig burvaktar for gjestane. For Vartdal var 1-0 siger ei ?fin fjør i hatten? etter 0-6 tap i vårkampen. Laget ligg no eitt poeng føre Sunnylven på tabellen.


