Bergsøy - Sunnylven
Det stod 0-0, men Sunnylven burde leia til pause. I andre skora Bergsøy to utan at Sunnylven reduserte og dermed tok vertane ein kjærkomen heimesiger.

Etter fleire flotte kampar vart oppgjøret mot Bergsøy ein nedtur for Sunnylven. 2-0 tap er ikkje skræmande, men det vart ingen poeng. Sunnylven står framleis med 14 poeng på 6. plass når 10 serierunde er ferdig, og det er betre enn forventa i utgangspunktet.

Største sjansen i fyrste omgang hadde Alf Ole Sundgot. Åleine med keeper og utan press klarte ikkje den gode spissen å overliste burvaktaren på heimelaget. Laga gjekk til pause med 0-0.

I andre omgang tok Bergsøy føringa etter 65. minutt. Eit unødvendig balltap på midten førte til angrepet og 1-0. Og i det 90. minutt la heimelaget på til 2-0. To minutt før burde Sunnylven utlikna på dødball, men Hans Kristian Stadheim mislukkast med avslutninga. Dette var kampen då ingen ting lukkast for Sunnylven. Kanskje går det betre når Herd kjem på besøk torsdag.

Kampfakta
Bergsøy - Sunnylven: 2-0 (0-0)
Bergsøy stadion
21. juni 2008 15:00
4. divisjon, 2008

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Mathias Smehus Kringstad, Valder IL
Assistentdomarar: Anders Knut Brudevoll, Vanylvskameratane FK og Birger Breivik, Volda TI
Mål
Bergsøy
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Bergsøy?
Siger
40%
Uavgjort
10%
Tap
50%
Antall stemme:: 10
Alle møter:
26.06.2010 Bergsøy 2 - Sunnylven 1-3 (1-0)
29.08.2009 Sunnylven - Bergsøy 3-4 (1-2)
16.05.2009 Bergsøy - Sunnylven 7-0 (2-0)
04.10.2008 Sunnylven - Bergsøy 2-4 (1-0)
21.06.2008 Bergsøy - Sunnylven 2-0 (0-0)
06.10.2007 Sunnylven - Bergsøy 2-0 (1-0)
28.06.2007 Bergsøy - Sunnylven 7-1 (4-0)
08.07.2000 Sunnylven - Bergsøy 2-5 (0-2)
29.04.2000 Bergsøy - Sunnylven 1-1 (0-1)
05.08.1995 Sunnylven - Bergsøy 1-7 (0-4)
29.04.1995 Bergsøy - Sunnylven 4-0 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven