Norborg - Sunnylven
Sunnylven spela 2-2 mot Norborg borte. Eitt poeng i Uggedalen er veldig bra. Og om nokon skulle ha vunne var det Sunnylven.

Kampen fekk verst tenkeleg opning for gjestane frå Sunnylven. Etter eitt minutt kom eit langt framspel som Sunnylvsforsvaret avklara, men returen frå Norborg og 25 meter gjekk i mål utan sjanse for Daniel Berbecki. Eit kanonskot og 1-0 til heimelaget.

Etter det jamna kampen seg ut, og etter 18. minutt fekk Sunnylven straffe. Alf Ole Sundgot var på eitt av sine mange løp og vart hindra ulovleg meinte assistentdommar. Straffesparket sette Bård Forbord sikkert i nota.

Ti minutt før pause gjekk så heimelaget opp til 2-1 på ein sjanse som burde vore klarert. Litt småslurv av Sunnylven, det var også gjennomgåande for heile kampen.

Pangstart

Etter to minutt i andre omgang fekk Alf Ole Sundgot betalt for mykje jobbing heile kampen igjennom. Ei pasning frå Bård Forbord tok Alf Ole godt vare på og skåra sikkert. Ut over i omgangen var Sunnylven det beste laget med dei fleste og største sjansane . Norborg trykte hardt på dei siste fem minutta for sigersmål, men Sunnylven sin bestemann, Daniel Berbecki heldt buret reint. Dermed enda kampen uavgjort 2-2.

Sunnylven sin målmann var god, også Jørgen Helset spela ein ny god kamp og Alf Ole Sundgot er alltid fårleg. Også resten av mannskapet til Sunnylven får godkjent, for raudetrøyene kunne med litt hell ha henta alle poenga torsdag.

Kampfakta
Norborg - Sunnylven: 2-2 (2-1)
Uggedalen stadion
5. juni 2008 19:00
4. divisjon, 2008

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta
Mål
Bård Forbord, 18 min. (str.)
Alf Ole Sundgot, 47 min.
Norborg
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Norborg?
Siger
40%
Uavgjort
20%
Tap
40%
Antall stemme:: 5
Alle møter:
20.09.2008 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
05.06.2008 Norborg - Sunnylven 2-2 (2-1)
13.10.2007 Norborg - Sunnylven 1-1 (0-0)
26.04.2007 Sunnylven - Norborg 3-2 (1-1)
25.11.2006 Sunnylven - Norborg 2 5-3 (0-0)
10.08.2006 Norborg - Sunnylven 5-3 (4-2)
04.05.2006 Sunnylven - Norborg 2-1 (1-0)
25.08.2005 Norborg - Sunnylven 3-3 (2-1)
12.05.2005 Sunnylven - Norborg 2-2 (0-1)
12.08.2004 Norborg - Sunnylven 3-2 (0-0)
06.05.2004 Sunnylven - Norborg 6-1 (4-1)
21.09.1997 Norborg - Sunnylven 0-5 (0-1)
06.08.1997 Sunnylven - Norborg 5-3 (1-2)
28.05.1997 Norborg - Sunnylven 2-4 (1-1)
15.09.1991 Norborg - Sunnylven 1-6 (0-3)
08.06.1991 Sunnylven - Norborg 2-0 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven