Det vart eit vanskeleg bortemøte mot Gursken/Larsnes laurdag. Vertane viste seg langt betre enn tabellen fortalde der laget ligg på siste plass.
Fyrste omgang vart lite sjåverdig, begge lag spela seg til kvar sin stor og nokre halvsjansar. Sunnylven sin keeper Daniel Berbecki rydda sikkert opp alle angrep, og ved eitt høve viste han klasse med ei kanonredning.
I andre omgang tek Gursken/Larsnes leiinga på straffespark på ei svært tvilsam avgjerd. Det var meir angrep på keeper enn felling av motspelar. Sunnylven burde fått balanse i lenge før seks minutt på overtid. Som då Daniel Nybø Støverstein slår ei perfekt pasning til Kim Sture Flo som utruleg nok skallar ballen til side for mål.
Trenar Sindre Hjelle var både skuffa og letta etter kampslutt. Skuffa over alt for varierande spel, periodevis bra, men også litt for ukonsentrert. Letta over at laget fekk mål til slutt og fekk med seg eitt poeng. Han rosar keeper Danie lJersy Berbecki som etter ha ha vore sjuk med feber dei siste dagane stod ein kjempekamp.


