Det gjekk over ein time før heimelaget kunne juble for skåring. Sunnylven er i år gode både i forsvar og på midtbana og mot Ørsta hadde dei like mykje av spelet. Dei store målsjansane uteblei i fyrste omgang. Heimelaget slo lange pasningar mot angriparane på topp, men Sunnylvsforsvaret med Tor Odd og Jørgen i spelehumør, stoppa alt. Ørsta kunne ha skora ved eit høve, men då var Daniel Berbecki på plass og let seg ikkje overliste. Det stod 0-0 ved pause.
Andre omgang vart mykje lik den fyrste, men etter 75 minutt kom heimelaget si skåring. Den kunne Daniel lite gjere med. Det såg ut til å ende med tre poeng til heimelaget då Kim Sture på Sunnylven kasta langt, ein Ørsta-spelar stussa bakover, og der stod innbyttar Eivind Louis Helset på fem meter og donka ballen i mål. Eivind kom inn fem minutt før slutt.
-Eit rettferdig resultat, sa trenar Sindre Hjelle etter kampen. Han tykte det var ein god kamp der resultatet kunne ha bikka begge vegar. Trenaren er litt stolt av det spelarane viste mot eit lag som har hevda seg høgt oppe i seriesystemet gjennom mange år. Sunnylven var stødige i forsvar, Bård og Jan Ove var gode på midtbana, og Hans Kristian har gjeve laget større løpsstyrke.
Neste kamp er borte mot Bergsøy laurdag. –Vi reiser ikkje så langt utan å hente tre poeng, seier Sindre med tydeleg skjemt i tonefallet.


