Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen
Sunnylven - Emblem
Sunnylven vann 6-2 over Emblem på Stranda stadion laurdag. Det stod 3-0 ved pause i treningskampen som var den siste før poengjakta startar.
Femte divisjons-laget Emblem har ambisjonar for årets sesong. Laget har prestert godt i fleire kampar før seriestart og kan kjempe om opprykk. På Stranda kgb. var Sunnylven det beste laget og vann fortent 6-2. Etter fyrste omgang stod det 3-0 der alle måla kom tett mellom 15 og 20 minutt frå Arne, Alf Ole og Helge. I andre auka Terje leiinga til 4-0 før Emblem fekk si fyrste skoring. 5-1 ordna Alf Ole før Terje la på til 6-1 midtvegs i omgangen. Emblem skora sitt andre mål 12 minutt før slutt.

Ein greitt gjennomført kamp. Det negative var at fleire spelarar i ein frå før ikkje alt for talrik spelarstall gjekk av bana med skader. Positivt var at stadig fleire teiknar seg å skoringslista, sa trenar Hjelle. Han kunne registrerte fyrste treningsmål til 17 år gamle Helge Tryggestad i kampen. At også "målmaskina" Terje Flåm er på veg mot storform vil laget få mykje glede av. Det vart to susande mål i kampen laurdag, som også Emblem sin keeper applauderte for.
Kampfakta
Sunnylven - Emblem: 6-2 (3-0)
Stranda kunstgras
14. april 2007 14:00
Treningskampar 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Emblem
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
14.04.2007 Sunnylven - Emblem 6-2 (3-0)
22.08.1998 Emblem - Sunnylven 2-8 (1-5)
20.05.1998 Sunnylven - Emblem 7-2 (2-2)
19.08.1992 Emblem - Sunnylven 2-3 (1-2)
12.05.1992 Sunnylven - Emblem 5-1 (1-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven