Sunnylven - Sykkylven 2
Sunnylven dominerte totalt i treningskamp mot Sykkylven 2. på Stranda kgb. Etter 5-0 ved pause vart sigeren til slutt på heile 10-0.
Sykkylven 2 stilte med same lag som slo Sunnylven 5-2 tidlegare i vinter. Det var ikkje godt nok måndag kveld, for då var det meir fart over 4.div.-laget.

Alle jobba langt betre og prøvde å spele fotball, noko som gav resultat alt etter 3. min. Ein corner frå Ole A. vart stussa i mål av Hans Kristian. Det stod 2-0 etter 13. min., også då etter corner frå Ole A., og denne gongen var det Kim Sture som sette ballen i mål. Og det heldt fram å trille inn bak keeperen frå møbelbygda. 3-0 etter 23 min. ved Olav Åge, 4-0 ved Terje på heading, og 5-0 like før pause ved Ole A.

I andre omgang kom måla slik. 6-0 etter 48. min. ved Hans Kristian, 7-0 etter 49 min. ved Terje, 8-0 etter 56 min. ved Terje, 9-0 etter 82 min. ved Kim Sture, og 10-0 i 89. min. ved Olav Åge.

Det vart ein roleg kveld for debutant i Sunnylvsmålet, Kåre Andre Bjørnes. Sykkylven 2 hadde sjansar til å skore i fyrste omgang, men gode inngripen av Bjørnes både i feltet og på strek hindra baklengs. Sjølv om motstandaren ikkje var av beste klasse, viste Sunnylven til tider bra spel. Det er framleis er ein del å rette på, men oppgjøret viste meir plan i angrepa til Sunnylven enn i tidlegare treningskampar.
Kampfakta
Sunnylven IL - Sykkylven 2: 10-0 (5-0)
Stranda kunstgras
2. april 2007 18:30
Treningskampar 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Steinar Hjelle, Sunnylven IL
Mål
Sunnylven IL
Lagoppstilling manglar
Sykkylven 2
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
10.10.2009 FK Sykkylven - Sunnylven 6-1
25.06.2009 Sunnylven - FK Sykkylven 3-5 (0-3)
26.03.2009 Sunnylven - Sykkylven 2 8-3 (5-0)
18.05.2008 Sykkylven 2 - Sunnylven 2-2 (1-1)
02.04.2007 Sunnylven IL - Sykkylven 2 10-0 (5-0)
25.02.2007 Sykkylven 2 - Sunnylven IL 5-2 (1-1)
06.04.2004 Sykkylven - Sunnylven 1-2 (0-1)
16.04.2003 Sunnylven - Sykkylven 3 2-2 (2-0)
13.04.2002 Sykkylven - Sunnylven 1-0 (0-0)
16.04.1997 Sunnylven - Sykkylven 7-2 (1-1)
05.10.1996 Sykkylven - Sunnylven 5-2 (1-0)
30.06.1996 Sunnylven - Sykkylven 1-5 (1-2)
05.02.1995 Sykkylven - Sunnylven 7-5 (4-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven