FK Sykkylven 2 tok leiinga, men Sunnylven utlikna i fyrste omgang ved nykomar Terje Flåm slik at det stod 1-1 til pause. I andre omgang gjekk Sunnylven i leiinga etter eit angrep som var rett frå den ofte omtala læreboka. Angrepet som enda i skoring av Kim Sture Flo var det store lysglimtet i ei heller laber forestilling i fint søndagsver. Derifrå og ut trilla baklengsmåla inn, det femte på overtid.
Gåfotball
– Vi vinn ikkje kampar med få gode glimt, det burde i staden vere få dårlege glimt som pregar ein fotballkamp om det skal bli siger,- seier ein skuffa trenar Sindre Hjelle. Han fortel om ein kamp med dårleg tempo og laber innsats, og med unnatak av nokre få, mangel på spelelyst hos mannskapet sitt. Ingen kan gå seg til siger, innsatsen må ligge i botnen, seier han og håper at kvar enkelt tenkjer over sin innsats som han tykte var for dårleg og svært skuffande. Samanlikna med kampen mot Vigra var oppgjøret mot FK Sykkylven 2. skrøpeleg.
Sindre Hjelle lovar grundig gjennomgang av kampen på neste trening og skjerping fram mot neste kamp mot Blindheim 2 laurdag 3.mars
Sykkylven 2 - Sunnylven
FK Sykkylven 2 vann fortent 5-2 over Sunnylven i treningskamp. Ved pause var stillinga 1-1. Ei skrøpeleg forestilling spelemessig av 4. div. laget på kunstgrasbana i Sykkylven.
Kampfakta
Sykkylven 2 - Sunnylven IL: 5-2
(1-1)
Sykkylven kunstgras
25. februar 2007 15:00
Treningskampar 2007
Tilskodarar: Ukjent antal
Mål
Sykkylven 2
Sunnylven IL
Alle møter:
10.10.2009 FK Sykkylven - Sunnylven 6-1
25.06.2009 Sunnylven - FK Sykkylven 3-5 (0-3)
26.03.2009 Sunnylven - Sykkylven 2 8-3 (5-0)
18.05.2008 Sykkylven 2 - Sunnylven 2-2 (1-1)
02.04.2007 Sunnylven IL - Sykkylven 2 10-0 (5-0)
25.02.2007 Sykkylven 2 - Sunnylven IL 5-2 (1-1)
06.04.2004 Sykkylven - Sunnylven 1-2 (0-1)
16.04.2003 Sunnylven - Sykkylven 3 2-2 (2-0)
13.04.2002 Sykkylven - Sunnylven 1-0 (0-0)
16.04.1997 Sunnylven - Sykkylven 7-2 (1-1)
05.10.1996 Sykkylven - Sunnylven 5-2 (1-0)
30.06.1996 Sunnylven - Sykkylven 1-5 (1-2)
05.02.1995 Sykkylven - Sunnylven 7-5 (4-1)


