Sunnylven vann andre omgang 1-0 på Åram-grusen laurdag. Dermed vart det poengdeling etter heimeleiing 2-1 ved pause. Eit greitt resultat, tykte trenar Sindre Hjelle sjølv om laget hans heldt på å ta alle poenga i sluttminutta. Hans Kristian Stadheim gjekk frå midten og knalla til, eit skot som gjekk i stolpen og ut og som keeper ikkje prøvde etter. Regnet heldt seg borte under kampen, men heimelaget hadde fordel av sterk medvind i fyrste omgang som spakna til andre.
Det var Åram/Vankam som tok leiinga etter 12. minutt, og Sunnylven utlikna i 19. minutt på frispark ved Kalle Hjelle. Like før pause var heimelaget i leiing igjen med 2-1.
Andre omgang vart mindre målrik. Alf Ole Sundgot skora omgangens einaste etter 60. minutt og dermed 2-2 og poendeling.
Godt å få med poeng frå bortebane og positivt å ta med seg til heimekampen mot Godøy neste helg, konkluderte trenaren som har ei langt fyldigare tropp til den kampen. Til bortekampen laurdag var det knapt med folk, også spelarar som ikkje har vore med i år. Men han tykte laget greidde seg bra og innsatsen og resultatet var positivt med tanke på å overleve i divisjonen. Og Hjelle legg til: -"Vi har ofte reist til Åram/Vankam med toppa lag, men kome heim utan poeng".

