Sunnylven - Stordal
På nytt vart Sunnylven audmjuka av botnlaget Stordal. I vår vart det stygge 0-6, på Hellesylt stadion heiderlege 3-4. Men kva hjelper ærefull innsats når alle poenga hamnar i nabobygda.
Stordal står med seks poeng så langt i år, alle henta mot Sunnylven. Tapet torsdag kan Sunnylven takke seg sjølv for. Fyrst etter 56. minutt synte laget vilje til å kjempe. Då skora Olav Åge Åsen på ein flott enkeltprestasjon. Seinare gjorde veteran Jens Arve Forbord mål etter corner, og lagkaptein Arne Storstein det same med pannebrasken.

Men før Sunnylven fekk nettkjenning, hadde dommar Tor Bjermeland notert fire fulltreffarar for Stordal, på sjølvmål, heading, velplassert skot i hjørnet, og på straffespark. Alle skoringar som Lars Jørgen Hole, ein av heimelagets beste, ikkje kunne gjere noko med.

Eit trufast og engasjert heimepublikum, ( 79 betalande) måtte innsjå at Sunnylven ikkje makta opphentinga. Sunnylven hadde overtaket i andre omgang, og Stordal var nesten i hawai-land i sluttminutta, men rei -stormen- av. Om sigeren var fortjent eller ikkje, får stå ubesvart.

Ein av dei oppsette assistentdomarane møtte ikkje. Steinar Hjelle, Sunnylven tok hans plass.
Kampfakta
Sunnylven - Stordal: 3-4 (0-3)
Hellesylt stadion
9. august 2007 19:00
4. divisjon 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Tor Bjermeland, Spjelkavik
Assistentdomarar: Odd Einar Svinøy, Spk. Herd og Steinar Hjelle, Sunnylven
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Stordal
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
04.08.2010 Stordal - Sunnylven 8-3 (3-1)
07.04.2009 Stordal - Sunnylven 1-7 (0-4)
07.03.2009 Sunnylven - Stordal 3-2 (2-0)
12.04.2008 Stordal - Sunnylven 0-1 (0-1)
09.08.2007 Sunnylven - Stordal 3-4 (0-3)
03.05.2007 Stordal - Sunnylven 6-0 (4-0)
11.03.2006 Sunnylven - Stordal 0-3 (0-0)
21.03.2005 Sunnylven - Stordal 3-3 (1-1)
09.10.2004 Sunnylven - Stordal 6-1 (2-0)
25.06.2004 Stordal - Sunnylven 1-4 (0-1)
26.09.1999 Stordal - Sunnylven 2-3 (2-1)
26.06.1999 Sunnylven - Stordal 3-1 (0-0)
23.01.1999 Sunnylven - Stordal 5-2 (3-0)
21.02.1997 Sunnylven - Stordal 4-0 (1-0)
16.05.1996 Stordal - Sunnylven 4-1 (3-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven