Laga hadde ulikt utgangspunkt frå serien då dei møttest laurdag. Stranda var opprykkslag, Sunnylven med eit sviande braktap mot Bergsøy og tredje sist på tabellen. Skilnaden viste seg ikkje gjennom 90. minutt på Hellesylt stadion. Spesielt i andre omgang var heimelaget fårleg frampå fleire gonger. Berre ei kanonredning i sluttminutta av Thomas Hove berga Stranda frå eit forsmedeleg tap. Olav Åge Åsen si heading mot vinkelen såg mange i mål. Der gjorde den rutinerte målvakta opp for blunderen etter fem minutt. Ballen glapp i hanskane for Hove, og Olav Åge Åsen spurde ikkje om lov. Han gav Sunnylven leiinga 1-0.
Spelet bølga fram og tilbake utover i kampen, Stranda slo langt, nærmast ein slags Drillo-fotball medan Sunnylven prøvde å spell seg fram. Alf Ole Sundgot vart passa godt på. Like før pause kom utlikninga etter godt spel av Stranda, og sjølvsagt var det toppskorar Ronnie Furset som dundra ballen i nota utan sjanse for årsdebutant Tommy Torsvik i Sunnylven sitt mål.
Poeng etter tillegg
Andre omgang var mykje lik fyrst i starten. Stranda opna bra, men etter kvart var det heimelaget som skapt det som kunne blitt mål av. Vi talde to sjansa til Stranda og langt fleire til Sunnylven etter både frispark og lange innkast frå kampens best spelar, Arne Storstein. Det var likevel Stranda som hadde alle poenga i lomma like før slutt etter at Kim Vangen lurte heile heimeforsvaret og skalla ballen i mål frå kort hald. Stor jubel frå mange frå nabobygda, og 615 betalande trudde at Stranda hadde vunne også det andre nabooppgjøret denne sesongen. Dommar Oddbjørn Aam, Åmdal hadde lagt til tid, og langt inn i det sjette minutt skjedde det som ingen trudde på då Alf Ole Sundgot vart felt innafor straffefeltet. Sundgot var sikker frå kritmerket, og dermed enda nabooppgjøret med poengdeling og 2-2. Ein -drittkamp- skreiv strandafotball etterpå, men det er vel å ta litt hardt i.
Mange avbrot
Det vart lagt til fleire minutt i tid i begge omgangar, noko ingen bør klage på. Kampen hadde fleire og til dels lange avbrot i spelet etter til dels harde duellar. At ingen vil tape ein slik kamp er forståeleg, men å nærast ofre helsa for poeng kan vel ikkje vere meininga med fotballspelet.

