Sunnylven stilte same mannskap frå start som tapte 2-0 for Godøy i siste kamp. Lenge såg det ut for å vere eit vinnarlag torsdag, for etter halvtimen av fyrste omgang tok laget leiinga 1-0 på korrekt idømt straffespark. Jan Ove Aslaksen var sikker frå kritmerket. Same mann hadde eit susande frispark frå langt hald som slo i tverrliggaren ti minutt seinare, men ballen fauk over. Det stod 1-0 til Sunnylven ved pause.
Rakna på slutten
Bylaget var lite fårleg framfor mål i fyrste omgang. 1-0 til Sunnylven var fullt fortent etter det laga viste dei fyrste 45 minutt.
Andre omgang starta som fyrste, Sunnylven la seg i forsvar og satsa på kontringar, medan Rollon spela ball i stort tempo. Etter 60 minutt steig jubelen til store høgder hos heimepublikum. Hans Kristian Stadheim kriga seg gjennom Rollon-forsvaret, og åleine med keeper auka han leiinga til 2-0. Der og då "lukta" det poeng mot ein av opprykkskandidatane.
Men bylaget gav ikkje opp, og samstundes minka kreftene hos heimelaget. Etter 70. minutt vart det uryddig klarering og ny straffe, denne gong til Rollon. Juniorkeeper Lars Jørgen Hole var etter Fredrik Ytterlid sitt skot som gjekk i nota til redusering. Like etter fekk Hans Kristian Stadheim ein ny, stor sjanse til å auke for heimelaget, men lukkast ikkje. På slutten "rasa" alt for Sunnylven, det var nærast kollektiv kollaps, og gleda over gode vafler i kiosken vart øydelagt for heimepublikum. Rollon sine tre kom ved Alf Petter Årdal og Kim Hågensen, og dermed tok fornøgde gjestar med seg alle poenga.

