Sunnylven - Åram/VanKam
Sunnylven låg under 0-2 mot Åram/Van.kam torsdag, men resultat snudde til siger til slutt. Etter 79. minutt satsa venstreback Kalle Birkhol alt for siger og rasa i angrep der han blei takla ulovleg i straffefeltet. Straffesparket dundra Jan Ove Aslaksen i mål, og nye tre poeng på heimebane var sikra.

Det vart ei neglebitande forestilling for heimepublikum på Hellesylt stadion. For det var Åram/Van.kam som fyrst kunne juble for skoring, både ein og to gonger etter 21. minutt av kampen. Det andre på frispark etter regelbrot på tilbakespel til keeper. Veteranen Ole Per Kragset skora begge.

Sunnylven skulle hatt straffespark etter felling av Jan Ove Aslaksen etter kvarteret. Laget spela seg til fleire sjansar, og like før kvilen kom reduseringa. Terje Flåm dundrar inn mål frå høgrekant og til nytt håp om poeng.

Klasseangep
Og håpet blussa verkeleg opp like etter avspark når Olav Åge Åsen kjempar inn utlikning til 2-2. Men Åram/Van.kam svarar nesten med det same og etter 49 minutt er det ny leiing til dei kvite og grønstripa. Og leiinga kunne blitt større, men Kalle Hjelle redda ein megasjanse til Vanylvs-laget på strek tolv minutt seinare.

Etter 63. minutt kjem dagens angrep av heimelaget. Olav Åge Åsen blir spela fri på høgresida, går forbi sin oppassar og slår hardt inn fram for mål der Terje Flåm skalla ballen utagbart i nettet. Det angrepet var det klasse over, men sigersmålet mangla. Det ville venstreback Karl Andre Birkhol hjelpe med, for i 79. minutt blir han med i angrep og fossar inn i straffefeltet der han blir stoppa ulovleg. Jan Ove Aslaksen var sikker frå 11-meteren og Sunnylven vann 4-3.

Lagsiger

Det var ein fortent siger, men den sat langt inne. Laget manglar fortsatt fyrste-keeper som er skada, og verkar litt usikre i forsvarsspelet. Tilbake etter strekkskade var Terje Flåm og gjorde det alle håpar, skora to flotte mål. Gode bak på eit elles godt kjempande lag var lagkaptein Arne Storstein og Karl Andre Birkhol. Kalle Hjelle kom inn i andre omgang og slår dødballa nesten så bra som mange internasjonale storheitet med fotballsko. Sigeren torsdag smaka nok godt etter tapet for Ørskog for ei veke sidan. Det var ein lagsiger som alle får dele æra av.

Mål Åram/Van.kam: Ole Per Kragset (19. 21.) Martin Ekremsæter (49)
Kampfakta
Sunnylven - Åram/Van.Kam: 4-3 (1-2)
Hellesylt stadion
7. juni 2007 19:00
4. divisjon 2007

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL
Assistentdomarar: Oddmund Kaldhussæter, Blindheim IL og Frode Ramsvik, Spjelkavik
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Åram/Van.Kam
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det heime mot Åram/VanKam?
Siger
50%
Uavgjort
14%
Tap
36%
Antall stemme:: 36
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven