Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen
Sunnylven - Sæbø

Sunnylven viste ingen nåde då laget møtte Sæbø i treningskamp på Color Line Stadion søndag.
4-1 vart sigeren til slutt etter 3-0 ved pause.

Sunnylven hadde med 19 spelarar til kampen og alle fekk speletid. I andre omgang bytte trenar Sindre Hjelle inn heile åtte mann.

Trond Ljøen gjorde 1-0 etter 9. minutt, Alf Ole Sundgot auka leiinga i det 22. og 27. minutt. Sæbø reduserte etter 55. minutt, før Alf Ole Sundgot skora sitt tredje etter 77. på straffespark. Sunnylven brende også eit straffespark på slutten av fyrste omgang.

Trenaren sin kommentar:
Det var stor forskjell på underlaget frå det vi har trent på dei siste dagane, snø – is – hard grus der ispiggar har vore naudsynt, til det ”perfekte” dekket på CLS. Kanskje derfor tok det nesten ti minutt før vi kom i gong med spelet vårt.
Etter ni minutt fekk vi utteljing etter eit langskot av Trond Ljøen. Etter dette kunne/burde vi auka leiinga utan vi lukkast før halve omgongen var gått. Då skorar Alf Ole sitt første mål for dagen etter godt spel som enda med pasning i rommet der Alf Ole ikkje gjorde noken feil åleine med keeper. Og berre fire-fem minutt seinare kom reprisen; Alf Ole lagar sitt andre for dagen. 3 - 0 vart også pauseresultatet etter ein omgong Sunnylven tidvis viste bra spel, både offansivt og defansivt. Sæbø hadde ikkje meir enn ein skikkeleg sjanse dei første 45 minutta.

Mindre bra i andre
Etter pause fall vi i lange periodar i prestasjonane. Vi vart upresis i pasningsspelet, rørsla vart meir i rykk og napp, og dermed miste vi ballen for lett for mange gongar. Sæbø fekk fleire overgangar, og skorte også etter ein stygg feil av oss på eigen halvdel. Likevel spelte vi oss til ein del moglegheiter i denne omgongen også, sjølv om vi måtte ha straffespark for å få utteljing. Dermed vart det tre mål på Alf Ole, så han veit i alle fall kvar målet står i år også. Utover i kampen fekk alle dei 19 spelarane våre prøve underlaget, mange med positive innhopp !

Neste kamp vert no laurdag i Sognahallen mot Kaupanger. Det vert nok ei mykje vansklegare oppgåve enn dagens motstandar…
Kampfakta
Sunnylven - Sæbø: 4-1 (3-0)
Color Line Stadion, Ålesund
26. mars 2006 18:00
Treningskampar 2006

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Steinar Hjelle, Sunnylven
Assistentdomarar: Martin Utgård, Stranda og Kristian Melseth, FK Sykkylven
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Sæbø
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
15.09.2010 Sunnylven - Sæbø 4-3 (2-1)
02.06.2010 Sæbø - Sunnylven 4-7 (4-4)
26.03.2006 Sunnylven - Sæbø 4-1 (3-0)
12.03.2004 Sunnylven - Sæbø 4-1 (4-0)
03.09.2003 Sæbø - Sunnylven 2-1 (1-0)
28.05.2003 Sunnylven - Sæbø 2-1 (0-0)
05.10.2002 Sæbø - Sunnylven 1-3 (0-0)
29.09.2002 Sunnylven - Sæbø 6-1 (2-0)
31.07.1998 Sunnylven - Sæbø 4-2 (2-1)
27.02.1998 Sunnylven - Sæbø 2-0 (2-0)
25.04.1994 Sunnylven - Sæbø 7-3 (3-0)
06.04.1991 Sæbø - Sunnylven 1-3 (0-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven