Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen
Kaupanger - Sunnylven
Sunnylven spela treningskamp i Sogndal mot 3. div. laget Kaupanger og vann kampen 7-1. Sunnmøringane leia 3-1 ved pause mot sognelaget som stilte med litt redusert mannskap.

-Mykje positivt der fleire spelarar gjennomførte ein god kamp. Keeper stod godt i mål og dirigerte forsvaret godt, og Jan Ove Aslaksen var tilbake og viste gryande storform etter  skadeavbrekk. Han og Alf Ole Sundgot var mellom dei beste i dette oppgjøret, tykte trenaren.


Kaupanger var eit fysisk sterkt lag, men brende seg stygt på farta til Alf Ole Sundgot. Sunnylven spela i rommet bak forsvaret, oppspel som den raske spissen til Sunnylven omsette i fire mål. Dei andre kom ved Ole A. Ringdal, Arne Storstein og Jan Ove Aslaksen.  


Mykje positivt av mange spelarar, og eit stort steg framover i høve til kampen mot Sæbø, tykte Sindre Hjelle.


Sunnylven brende eit straffespark, det same gjorde Kaupanger, men skora trøstemål etter 14. minutt.

Kampfakta
Kaupanger - Sunnylven: 1-7 (1-3)
Sognahallen, Sogndal
6. april 2006 17:24
Treningskampar 2006

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Steinar Hjelle, Sunnylven
Mål
Kaupanger
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
06.04.2006 Kaupanger - Sunnylven 1-7 (1-3)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven