Sunnylven mangla fleire faste på laget i denne kampen, mellom anna Alf Ole Sundgot grunna karantene. Unge Helge Tryggestad debuterte som spiss frå start av, og gjorde sine saker bra. Han skaffa laget eit straffespark som diverre vart resultatlaust.
Det var vertane Åram/Van.kam som var i føringa i målprotokollen, men Sunnylven kvitterte, fyrst ved Olav Åge Åsen etter 20. minutt, deretter ved Kalle Hjelle i det 35. minutt. Det stod 3-2 til heimelaget ved pause.
I andre kom eit nytt heimemål etter markeringsfeil i midtforsvaret før Ole Arnstein Ringdal skora tredje mål for Sunnylven.
Gjestane spela seg til fleire feite sjansar. Olav Åge Åsen, Arne Storstein, Jan Ove Aslaksen og innbyttar Jostein Wollsæter burde alle ha skora, men det ville seg ikkje.
Spelemessig framgang
Det som gleda var at spelet var langt betre enn heime mot Brattvåg. Frå 20. minutt og ut var Sunnylven det førande laget med klart flest målsjansar. Men antall sjansar tel ikkje, så lenge motstandar skora meir blir det ikkje poeng.
ÅVK hadde knapt skot mellom stengene utanom dei som gjekk inn.
Eit skikkeleg surt tap, er lagkaptein Arne Storstein sin klare kommentar til kampen.
Klar framgang spelemessig, meinar trenar Sindre Hjelle. Men Åram/Van.kam får fleire rotemål, så forsvarsspelet må laget trene meir på, seier han.
Nabooppgjør neste
Neste kamp for Sunnylven er borte mot Stranda. Søndag skal laget prøve den nye kunstgrasbana på Stranda stadion som er arena for nabooppgjøret komande torsdag.
Til den kampen har trenar Hjelle tilbake spelarar som stod over mot Åram/Van.kam. Kalle Hjelle er derimot ute i fleire veker med brist i ribbein.


