Sunnylven dominerte dette oppgjøret der trenar Sindre Hjelle hadde komponert eit lag av rutine og ungdommeleg spelelyst. Kampen vart eit sjåverdig oppgjør for 63 betalande, og ei avslutning med stil på ein sesong med varierande prestasjonar.
Sunnylven mangla Kim Sture Flo og Arne Storstein i denne kampen, dermed var det klart for fleire juniorar både i startellevaren og ut over i kampen. Alle kom godt frå a-lags debuten. Hovdebygda hadde derimot ingen på reservebenken, men kjempa tappert og litt for tøft mot slutten. Eit kvarter før slutt vart laget redusert til ti etter slag på ein motspelar.
Ny kaptein
I Arne Storstein sitt fråvær, overtok Alf Ole Sundgot kapteinsrolla for skuta og viste seg utnemninga verdig. Heile tre mål donka han inn i løpet av kampen, det fjerde ordna Kalle Hjelle på eit flott frispark frå 18 meters hald.
Sundgot opna sitt skorings-show alt i 9. minutt med ein lobb over keeper. Vel ti minutt seinare vart leiinga dobla etter møljespel i målgarden hos gjestane.
Ti minutt før pause er Hovdebygda på visitt hos Sunnylven. Bjørnar Ingebrigtsen sky, og forsvaret klarerer i eige mål. Den var Tommy Torsvik sjanselaus på. Ti minutt før viste han klasse då han slo ut eit lavt skot frå kort hald.
Det stod 2-1 til heimelaget då dommar Tor Bjermeland bles for kvile.
Vakkert frispark
Andre omgang vart som fyrste. Heimelaget produserte masse sjansar, men Hovdebygda sin keeper var reaksjonssterk på strek, hadde tenning og stod godt. Eit kvarter før slutt måtte han likevel kapitulere. Frispark av Kalle Hjelle og ein av heimelaget sine beste frå 18. meter har vi sett før, men også no vakkert utført. Rett i nota også denne gong.
Alf Ole Sundgot fastsette heimesigeren til 4-1 like før slutt med si tredje skoring, ein markkrypar nesten frå død vinkel.
Jan Ove Aslaksen vart kåra til kampens beste heimespelar. God var også Karl Andre Birkhol i midtforsvaret, Hans Kristian Stadheim på midtbana og tremålsskorar Alf Ole Sundgot.
Per Ove Frøysa var ny i forsvaret frå start av og spela på seg meir og meir sjølvtryggheit ut over i kampen. Også fleire unge innbyttarar viste at a-laget til Sunnylven har mannskap å bygge framtidige lag på.


