Blindheim har hatt ein fin sesong så langt, spesielt på heimebane har det blitt mange poeng. Laget leiar no 4. divisjon.
Mindre bra har sesongen vore for Sunnylven. Etter 5-1 mot Larsnes/Gursken og 3-1 over Hovdebygda med tidvis bra spell, trudde mange at oppturen var i gong. Kampen mot Blindheim vart derimot ein nedtur.
Rett nok er kunstgras uvant underlag, men Sunnylven kom aldri i gong og fekk knapt nok testa kva vertane sin keeper var god for.
Tommy Torsvik i Sunnylvs-målet fekk langt meir å stri med, spesielt mot slutten av andre omgang.
Blindheim var best og vann fortent etter to skoringar midtvegs i fyrste omgang, og to etter pause.
Sunnylven skuffa, litt ferieprega tempo frå heile mannskapet. Gult kort til Stian Melchior frå dommar Even Myrheim, Herd som leia oppgjøret godt.
Blindheim - Sunnylven
Etter siger i dei to siste kampane var det med eit visst håp om nye poeng Sunnylven møtte Blindheim borte. Slik gjekk det ikkje, på kunstgraset var vertane fleire hakk kvassare og vann 4-0 etter 2-0 ved pause.
Kampfakta
Blindheim - Sunnylven: 4-0
(2-0)
Blindheim stadion
6. juli 2006 18:30
4. divisjon 2006
Tilskodarar: 40
Domar: Even Myrheim, Herd
Assistentdomarar: Øystein Ytterland, Valder og Mathias Smehus Kringstad, Valder
Mål
Blindheim
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Blindheim?
| Siger |
| 29% |
| Uavgjort |
| 24% |
| Tap |
| 47% |
Antall stemme:: 17
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)


