Hovdebygda - Sunnylven
Hovdebygda har vunne alle sine poeng på heimebane og tukta topplag som HaNo og Brattvåg. Torsdag vart det tap 1-3 for Sunnylven som gjesta Hovdebygda gras i 11. serierunde.
Jan Ove Aslaksen starta måljakta og gav Sunnylven leiinga 1-0 i 3. minutt. Eit kvarter ut i omgangen får Hovdebygda eit tvilsamt straffespart og utlikna til 1-1. Håpet om poeng skulle likevel slokne ganske fort for heimelaget. Målmaskina Alf Ole Sundgot gjorde tre mål i siste heimekamp og torsdag slo han til på bortebane og gav gjestane i rødt og blått leiinga 2-1 etter 17. minutt. Det var stillinga ved pause.

I andre auka Sundgot til 3-1 for Sunnylven i 83. minutt, og det vart sluttresultatet.

Lagkaptein Arne Storstein var naturleg nok svært godt fornøgd med resultatet, og kampen. Sunnylven var solide i alle lagdeler, Hovdebygda hadde knapt ein einaste reell målsjanse i fyrste omgang. Straffesparket etter 15. minutt var tvilsamt, då var felling av Alf Ole Sundgot minuttet før like klart.

Ein fortent og utruleg viktig siger meinte lagkapteinen. Med resultata frå dei andre kampane har vi skaffa oss ei luke til laga bak.

Siste før sommarferien er borte mot Blindheim. Alt kan skje , og vi går for siger så kampen kan bli rein bonus, slår Arne Storstein fast. Mot Hovdebygda spela han sin kamp nr. 505 for Sunnylven.
Kampfakta
Hovdebygda - Sunnylven: 1-3 (0-0)
Hovdebygda gras
29. juni 2006 18:30
4. divisjon 2006

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Tove Marie Tandstad, VRF
Assistentdomarar: Stig-Eivin Meisal, Volda og Mathias Smehus Kringstad, Valder
Mål
Hovdebygda
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Hovdebygda?
Siger
45%
Uavgjort
18%
Tap
36%
Antall stemme:: 11
Alle møter:
29.09.2010 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-0)
16.06.2010 Hovdebygda - Sunnylven 1-0 (1-0)
19.09.2009 Hovdebygda - Sunnylven 3-2 (1-1)
04.06.2009 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-2)
07.10.2006 Sunnylven - Hovdebygda 4-1 (2-1)
29.06.2006 Hovdebygda - Sunnylven 1-3 (0-0)
07.04.2005 Sunnylven - Hovdebygda 3-1 (0-0)
14.08.1999 Sunnylven - Hovdebygda 3-0 (2-0)
05.05.1999 Hovdebygda - Sunnylven 2-4 (1-1)
01.09.1995 Hovdebygda - Sunnylven 1-6 (1-2)
01.06.1995 Sunnylven - Hovdebygda 2-2 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven