Nabooppgjøret mellom Sunnylven og Stranda torsdag kveld hadde nerve, resultatet var uvisst heilt til dommar Alf Furland, SK Rollon bles av fem minutt på overtid.
Det enda uavgjort til slutt, men lenge var heimepublikum nær ei anna verd. Laget deira leia nemleg 2-0 til det var 25 minutt igjen av kampen.
3. minutt etter avspark skora Bård Forbord og sette heimepublikum i jubelrus. Sunnylven hadde fått ein kjempestart på kampen der Stranda var ute etter revansj for 1-3 tapet for to år sidan. Den hevnen såg vanskeleg ut etter 18. minutt. Då stod det 2-0 til heimelaget, og Jan Ove Aslaksen kunne notere seg for sitt fyrste seriemål for Sunnylven denne sesongen.
På to sjansar hadde vertane skora to mål. Ein kalddusj for det unge Stranda-laget som slett ikkje gav opp kampen om poeng.
Stranda var fårleg gode i banespel, men det stokka seg heilt på slutten når ballen skulle i nota.
Andre omgang vart både lang og spanande, og førte til både neglebiting og mykje sparking i bakken for eit stort, flott publikum, rundt 300 med stort og smått.
Stranda jakta på sitt fyrste mål, og også Sunnylven våga seg lenger fram på bana.
Det small i aluminiumsgrinda både hos Aril Hagen Ravnøy og Tommy Torsvik før det kom til teljande resultat. Etter 65. minutt reduserte Tonny Åsen for Stranda, kanskje laget sin beste, med eit skot frå skrått hald.
I det 79. minutt fekk dei mange tilreisande meir å juble for då same mann skalla inn utlikningsmålet og sikra det eine poenget. Her var Sunnylvskeeperen sjanselaus på kampens flottaste skoring.
På slutten av kampen kunne Sunnylven med hell sikra seg alle poenga. Frispark frå Kalle Hjelle strauk tverrliggaren, og kanon frå Jan Ove Aslaksen small i stolpen og ut.
Stranda spela til tider tøff fotball. Av og til vart duellane meir enn fayr play, noko som resulterte i eit utall av frispark. Kampen vart oppsplitta, men dommar Furland gjorde rett og heldt temperaturen under kontroll.
Få hadde tippa uavgjort 2-2 mellom Sunnylven og Stranda. I måltipskonkurransen hadde fire rett. Tor Inge Hjelle, Stranda vann spekevarer frå Ole Ringdal a/s.
Ein publikumsjury bestemte at Tommy Torsvik og Jan Ove Aslaksen var best på heimelaget i denne kampen. Begge fekk like mange poeng.
Sunnylven - Stranda
Eit kanonfrispark på slutten av kampen frå Jan Ove Aslaksen traff stolpen, men ut. Det kunne sendt heimepublikum til himmels om det hadde gått i nota, men kampen enda uavgjort 2-2. Eit rettferdig resultat etter det laga viste på Hellesylt stadion.
Kampfakta
Sunnylven - Stranda: 2-2
(2-0)
Hellesylt stadion
25. mai 2006 19:00
4. divisjon 2006
Tilskodarar: 272
Domar: Alf Furland, Rollon Spk.
Assistentdomarar: Petter Lyshol, FK Sykkylven og Christer Jensen, AaFK
Mål
0-1 Tonny Åsen,
79
min.
Kort
Sunnylven
Stranda
Votering
Votering
Korleis går det heime mot Stranda?
| Siger |
| 54% |
| Uavgjort |
| 7% |
| Tap |
| 39% |
Antall stemme:: 54
Alle møter:
15.08.2009 Sunnylven - Stranda 1-2 (0-1)
30.04.2009 Stranda - Sunnylven 4-0 (3-0)
05.07.2008 Sunnylven - Stranda 3-1 (0-0)
17.04.2008 Stranda - Sunnylven 1-1 (0-0)
07.07.2007 Sunnylven - Stranda 2-2 (1-1)
22.04.2007 Stranda - Sunnylven 2-1 (0-1)
31.08.2006 Stranda - Sunnylven 4-1 (2-1)
25.05.2006 Sunnylven - Stranda 2-2 (2-0)
19.08.2004 Stranda - Sunnylven 0-2 (0-1)
15.05.2004 Sunnylven - Stranda 3-1 (1-1)
11.03.2003 Sunnylven - Stranda 2 6-1 (2-0)
22.04.2002 Sunnylven - Stranda 2 5-0 (5-0)
01.04.2002 Stranda 2 - Sunnylven 1-2 (0-0)
16.03.2002 Sunnylven - Stranda 2 3-2 (0-0)
01.04.2000 Sunnylven - Stranda 2 3-2 (2-2)
29.03.2000 Sunnylven - Stranda 1-1 (0-1)
05.04.1999 Stranda - Sunnylven 3-2 (2-1)
03.03.1999 Sunnylven - Stranda 2 7-2 (5-0)
07.04.1998 Stranda - Sunnylven 0-2 (0-1)
23.03.1998 Sunnylven - Stranda 2 6-0 (3-0)
09.04.1997 Sunnylven - Stranda 2-6 (1-4)
09.07.1995 Sunnylven - Stranda 0-6 (0-4)
16.05.1995 Stranda - Sunnylven 7-0 (4-0)
26.02.1994 Sunnylven - Stranda 2 2-1 (0-0)


