Åram/Van.kam sjokkopna og leia 2-0 før ti minutt var gått av fyrste omgang etter stygge glipp i forsvaret hos heimelaget. Arne Storstein reduserte ti minutt før pause etter hjørnespark. Andre omgang starta med nok ei tabbe hos heimelaget og poeng var langt unna akkurat då.
God andre omgang
Men Sunnylven heva seg betrakteleg og spela ein langt betre andre omgang enn fyrste. Det var difor svært fortent då Karl Magnus Hjelle redusete på frispark direkte i mål. Tre minutt seinare vart det 3-3 ved Alf Ole Sundgot etter eit lurt frispark frå dagens beste heimespelar, Jan Ove Aslaksen.
I sluttminutta kunne heimelaget med litt hell sikra seg alle poenga. Men fleire mål vart det ikkje, og etter ein dårleg fyrste omgang må laget vere nøgd med poengdeling. Det vart tre dødballmål i nota bak Bjørn Åge Storegjerdet hos Åram/Van.kam, og tre forsvarsglipp i eige mål.
Kampens gode dommar, Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven delte ut eitt gult kort til kvar av laga.
Sunnylven har no fem poeng og ligg på nedre del av tabellen. Også neste kamp er heime på Hellesylt stadion torsdag 25. mai. Då kjem nabo Stranda med mykje sjølvtillit for å kjempe om nye poeng etter braksiger 5-1 mot Hovdebygda i femte serierunde torsdag.


