Etter ein jamn start tok SIF 2 meir og meir over spelet og pressa Sunnylven
i fyrste omgang. Men det var gjestane som skora fyrst. Etter 21 min. peika
dommar Kjell Erik Sletta på kritmerket for straffe etter at Alf Ole Sundgot
vart felt. Arne Storstein sette ballen i mål.
SIF 2 stilte med fleire som spelar 3. divisjon for fyrstelaget, og
Sunnylven hadde nok med å forsvare seg. Etter 37 minutt var det balanse i
rekneskapen, og det stod 1-1 ved pause.
Jobba godt på slutten
I andre tok så by-laget leiinga 2-1 etter 63 minutt, men fire minutt før
slutt ordna Ole A. Ringdal 2-2 og dermed det fyrste poenget for trenar
Hjelle sitt mannskap denne sesongen.
Resultatmessig var tenaren nøgd, men ikkje med spelet laget hans viste.
Begge måla kom frå kanten som innlegg, der sleit laget i denne kampen.
Han gjev likevel ros for innsatsen, spesielt siste del av andre omgang med
mellom anna skot i tverrliggaren. Der kunne Sunnylven ”røva” til seg alle
poenga, om enn litt urettferdig.
På nytt stod Tommy Torsvik godt i mål og var kanskje laget sin best. Men
også fleire andre spela til meir enn godkjent, tykte tenaren og gav ros til
mellom anna dei fire innbyttarane.
Neste kamp er heime på Hellesylt stadion mot Norborg.
Tre spelarar vart skada i kampen på Hessa kunstgras, Kim Sture Flo, Vidar
Even Leite og Arne Storstein. Trenar Hjelle håper dei er klar til torsdag
4. mai.
Skarbøvik 2 - Sunnylven
Sunnylven greidde uavgjort 2-2 då laget møtte SIF 2 på Hessa kunsgrasbane i andre serierunde. Eit greitt resultat etter spel og sjansar meinte trenar Sindre Hjelle etter kampen.
Kampfakta
Skarbøvik 2 - Sunnylven: 2-2
(1-1)
Skarbøvik stadion
26. april 2006 19:00
4. divisjon 2006
Tilskodarar: Ukjent antal
Domar: Kjell Ove Sletta, Langevåg
Assistentdomarar: Morten Andre Stokke, Valder IL og Atle J. Hole, VRF
Observatør: Morten Stokke, Valder
Mål
Skarbøvik 2
Sunnylven
Alle møter:
05.08.2006 Sunnylven - Skarbøvik 2 3-1 (2-0)
26.04.2006 Skarbøvik 2 - Sunnylven 2-2 (1-1)
31.08.2005 Sunnylven - Skarbøvik 2/Hessa 1-1 (1-1)
18.05.2005 Skarbøvik 2/Hessa - Sunnylven 0-2 (0-1)
25.08.2004 Sunnylven - Skarbøvik 2 5-3 (2-1)
20.05.2004 Skarbøvik 2 - Sunnylven 3-5 (3-2)
09.09.1998 Sunnylven - Skarbøvik 2 16-0 (10-0)
09.06.1998 Skarbøvik 2 - Sunnylven 0-1 (0-0)


