Sunnylven - Blindheim
Blindheim vann 4-1 og stakk av med alle poenga då laget møtte Sunnylven på Hellesylt stadion torsdag kveld. Ole Arnstein Ringdal skora for heimelaget.
Blindheim vart for sterke i dette oppgjøret. Sunnylven stilte eit ungt lag, då fem av dei ”faste” var ute grunna karantene og reiser. Laget gjorde likevel ein god kamp mot ein motstandar som mange reknar som opprykkskandidat.

Mange mål i fyrste
Blindheim spela med vinden i fyrste halvdel og hadde eit visst overtak. Godt forsvarsspel og spesielt av keeper Tommy Torsvik, hindra gjestane å få skore før det var gått 18. minutt. Då fekk Are Fjørtoft gå opp på hjørnespark og nikke lerkula i mål til 1-0. Utlikninga kom etter vel halvtimen då Ole A. Rindal sende i veg ein markkrypar, mellom beina på Blindheim- keeper Helge Vadseth.To minutt seinare var heimelaget under med 2-1. Eit ”møljemål” som nesten minte om angrep på keeper, men som vart godkjent av dommar Myklebust. Henning Hareide var også sist på ballen då det like før pause vart 3-1 til Blindheim.

I andre omgang bølga spelet fram og tilbake mykje utan eit klart overtak til nokon av laga. Men midtvegs i omgangen trygga Blindheim sigeren og alle poenga med nok ei skoring.

Unge og gode
Hos Sunnylven var keeper Torsvik god. Også Arne Storstein, Trond Ljøen og Olav Åge Åsen viste gryande form. Framme var både Espen Solheim og Jostein Wollsæter nye og friske. Også veteran Jens Arve Forbord gjorde jobben i fyrste , så lenge kreftene heldt.Sjølv om mange unge spelarar på Sunnylven overraska positivt, var saknet av hurtigtoget Alf Ole Sundgot merkbart. Det same av kreative Jan Ove Aslaksen. Og med Kalle Hjelle, Kim Sture Flo og Karl Andre Birkhol i stallen, blir det garantert mykje å juble for også i 2006.

Ein publikumsjury kåra Tommy Torsvik til Sunnylven sin beste spelar i kampen.
Kampfakta
Sunnylven - Blindheim: 1-4 (1-3)
Hellesylt stadion
20. april 2006 19:00
4. divisjon 2006

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL
Assistentdomarar: Magne J. Krumsvik, Volda og Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven
Mål
0-1 Are Fjørtoft, 18 min.
0-2 Henning Hareide, 44 min.
0-3 Kristoffer Morterud, 69 min.
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven