Sunnylven - Stordal
Det var god stemning på Hellesylt stadion tysdag kveld då Sunnylven sitt jentelag skora sigersmålet mot Stordal i siste speleminutt. Kampen enda 4-3 etter 1-0 til heimelaget ved pause. Ei fin oppreising etter tapet på bortebane tidlegare i år.
Anne Lise Lødøen Helset var jente for sigersmålet, og to av dei andre, Anniken Hjellbakk Hole skora det fjerde.

I regnveret vart det ein jobbekamp, for motstandar Stordal ville også vere med på moroa. Dei henta opp ein 2-0 leiing til Sunnylven, og utlikna seinare til 3-3, ni minutt før full tid. Stordal hadde vel så mange målsjansar som heimelaget, men så er det som kjent skora mål som tel til slutt.

Dei kom slik: 1-0 Anne Lise Lødøen Helset (21), 2-0 Anne Lise Lødøen Helset (47), 2-1 (56), 2-2 (59), 3-2 Anniken Hjellbakk Hole (67), 3-3 (71), 4-3 Anne Lise Lødøen Helset (80).
Kampfakta
Sunnylven - Stordal: 4-3 (1-0)
Hellesylt stadion
6. september 2005 18:00
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Stordal
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
31.05.2007 Stordal - Sunnylven 0-3 (0-0)
06.09.2005 Sunnylven - Stordal 4-3 (1-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven