Sunnylven - Skodje
Det vart målrikt i smågutekampen mellom Sunnylven og Skodje på stadion måndag. Heimelaget sikra seg ein ny siger med 9-5, etter ein svært god fyrste omgang.
Det stod 7-1 til pause. Denne kampen vart flytta fram, etter at Norborg har trekt laget sitt frå serien.

Tidlegare i vår var Sunnylven på Skodje og vann klart. I returmøtet måndag var det Skodje som skora fyrst, men deretter var det berre Sunnylven i fyrste omgang.

Kampen vart underhaldande, og til tider imponerte Sunnylvs-gutane med kjapt og flott pasningsspel, men også Skodje var fårleg frampå ved fleire høve. Frode Hauge på Sunnylven hadde fleire flotte redningar, det same hadde gjestane sin keeper, og var avgjort med å begrense tapet.

I store deler av andre omgang spela gule-trøyene frå Skodje med ein ekstra spelar, slik fotballkretsen tilrår når eine laget leiar mykje.
Kampfakta
Sunnylven - Skodje: 9-5 (7-1)
Hellesylt stadion
24. mai 2005 18:30
Serien

Tilskodarar: 20

Domar: Lillian Aasheim, Sunnylven IL
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Skodje
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
24.05.2005 Sunnylven - Skodje 9-5 (7-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven