Sunnylven - Hovdebygda
Sunnylven vann 3-1 mot Hovdebygda på Hellesylt grus torsdag kveld. Eit greitt resultat etter spel og sjansar i kampen.
Hovdebygda kom til Hellesylt med litt redusert mannskap, men med sjølvtillit etter to braksigrar mot Vartdal og Åmdal og totalt 20-4 i målprotokollen.

Dette laget blir nok ein opprykkskandidat frå 5. divisjon, men mot Sunnylven heldt det ikkje til "poeng" torsdag kveld. Heimelaget var for gode, både taktisk og tempomessig.
Ved pause stod det 0-0. Begge lag hadde sine sjansar, mellom anna eit par frispark frå Sunnylven som Hovdebygda sin gode keeper slo ut til resultatlause hjørnespark.

Andre omgang var berre 5. minutt då Sunnylven tok leiinga. Eit flott angrep der ballen går presist i fleire trekk før Alf Ole Sundgot til slutt skorar sikker, nærast for ope mål. Det angrepet var frå den ofte omtala "læreboka".
62. minutt ut i kampen får Sunnylven straffespark. I kamp om ballen blir Alf Ole Sundgot takla ulovleg innafor straffefeltet. Hovdebygda protesterer, dei hevdar ballen var ute til innkast før forseelsen i straffefeltet. Sundgot set straffesparket sikkert i mål, og heimelaget leiar 2-0.

Mot slutten av kampen jamnar spelet seg ut, og Hovdebygda får redusering i det 77. Men fem minutt før slutt fastset Arne Storstein sluttresultatet til 3-1 med stjernetreff på frispart frå midtstreken. Ballen "svir" keeperhanskane og stussar i mål.

Sunnylven sitt mannskap er i rute. Torsdag vann dei kampen utan å anstrenge seg alt for mykje. Hovdebygda var eit godt lag, men med litt mykje syting og klaging frå fleire spelarar.

Dommar Steinar Hjelle dømde som vanleg godt.
Kampfakta
Sunnylven - Hovdebygda: 3-1 (0-0)
Hellesylt grus
7. april 2005 18:00
Treningskampar 2005

Tilskodarar: 20

Domar: Steinar Hjelle, Sunnylven
Mål
0-1 Espen Viddal, 70 min.
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
29.09.2010 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-0)
16.06.2010 Hovdebygda - Sunnylven 1-0 (1-0)
19.09.2009 Hovdebygda - Sunnylven 3-2 (1-1)
04.06.2009 Sunnylven - Hovdebygda 2-3 (0-2)
07.10.2006 Sunnylven - Hovdebygda 4-1 (2-1)
29.06.2006 Hovdebygda - Sunnylven 1-3 (0-0)
07.04.2005 Sunnylven - Hovdebygda 3-1 (0-0)
14.08.1999 Sunnylven - Hovdebygda 3-0 (2-0)
05.05.1999 Hovdebygda - Sunnylven 2-4 (1-1)
01.09.1995 Hovdebygda - Sunnylven 1-6 (1-2)
01.06.1995 Sunnylven - Hovdebygda 2-2 (2-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven