Også i treningskampen måndag vart det straffespark til gjestane tidleg i andre omgang.
Stordal-leiing
Stordal hadde leiinga gjennom heile kampen, og skora alt etter 5. minutt. Sunnylven utlikna ved Ole A. Ringdal like før pause, og det stod 1-1 ved halvtid.
Etter 53. minutt måtte banens beste, dommar Steinar Hjelle peike på straffemerket og gjestane tok på ny leiinga. Keeper Knut Martin Tryggestad var nære ved å redde, men ballen strauk inn ved stolperota. Seinare auka gjestelaget til 3-1, men Sunnylven gav ikkje opp. 70. minutt ut i kampen reduserte Alf Ole Sundgot, og fire minutt før full tid utlikna Jens Arve Forbord fortent til 3-3.
Det vart fleire tøffe taklingar i dette oppgjøret. Stordal fullførte siste fem minutt med 10 mann etter at dommaren bad ein spelar forlate bana, eller å få rødt kort.
Oppjaga
Heimelaget burde vunne kampen. Sjølv om Sunnylven har fleire ting å terpe på fram til seriestart mot Vigra 21. april, var laget hakket betre enn Stordal. Tempoet i kampen var oppjaga, og pasningsspelet i det avgjerande trekket svikta. Kondisjonsmessig verka laget vere godt trena, og skal ha pluss for vilje til å stå på sjølv om dei låg bak i målprotokollen gjennom heile kampen.
Årets Sunnylvs-lag består av spelarar med lang fartstid og masse rutine frå fotball, og unge aktørar med god fart og innsatsvilje. Ei spanande blanding som utan skader og for mange kort kan bli ein "poengrøvar" i årets 4. divisjon.


