Kalender
 
10.06.2012 13:00
Trimtreff Sætredalen
HaNo - Sunnylven
Jan Ove Aslaksen sitt kjempeskot i krysset like før slutt avslutta skoringane for Sunnylven i 4. div. i år. Susaren var likevel ikkje nok til å hente heim poeng frå HaNo laurdag. Øy-laget vann kampen 4-2 etter 1-1 ved pause.
Poeng var ikkje avgjerande då HaNo og Sunnylven møttest i årets siste serielkamp laurdag. Begge var sikra ny kontrakt i divisjonen med plasseringar omlag midt på tabellen.

Sunnylven opna oppgjeret best, og etter knappe halvtimen tok laget leiinga. Eit frispark frå midten av Arne Storstein var innom ein HaNo-spelar før Bård Forbord ekspederte ballen vidare i mål bak Vidar Nogva. Få minutt seinare var det balanse i rekneskapen, då Lars Petter Haram skora for heimelaget.

Andre omgang opna med fleire gode tilbod og godt spel av Sunnylven, men etter omlag halvspela omgang avgjorde heimelaget kampen med tre skoringar i løpet av seks minutt.
Fyrst Kenneth Ulla, så Per J. Fjørtoft, før Lars Petter Haram fekk sjansen frå 11-meteren og sette inn sitt andre for dagen.

Det hjalp lite at Jan Ove Aslaksen redusete på sitt kjempemål i det 80. minutt. Heimelaget tok alle poenga i kampen som ikke betydde noko for tabellen, men kanskje som best i innbyrdes oppgjør for spelarane.

For Sunnylven blir vel ikkje kampen plassert på fyrste side i minneboka, i alle høve ikkje for Alf Ole Sundgot og Kalle Hjelle. Begge måtte "i dusjen" før siste fløytesignal var gått frå dommar Svein Ivar Årskog etter at begge fekk to gule og dermed rødt kort på slutten av kampen.

Knurt Martin Tryggestad årsdebuterte i mål for Sunnylven og gjorde ingen store feil. Godt innhopp også av gutespelar Leif Rune Tryggestad, som spela siste 20. minutt for Sunnylven.
Kampfakta
HaNo - Sunnylven: 4-2 (1-1)
Nordøy stadion
8. oktober 2005 15:00
Serien

Tilskodarar: 150

Domar: Svein Ivar Årskog, Vartdal TIL
Assistentdomarar: Petter Lyshol, Sykkylven FK og Svein Rasmus Vestnes, AaFK
Mål
1-0 Kenneth Ulla, 67 min.
2-0 Per Jarle Fjørtoft, 71 min.
3-0 Lars Petter Haram, 74 min. (str.)
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det borte i serieavslutninga mot HaNo?
Siger
100%
Uavgjort
0%
Tap
0%
Antall stemme:: 2
Alle møter:
01.09.2008 HaNo - Sunnylven 3-2 (0-0)
26.04.2008 Sunnylven - HaNo 1-2 (1-0)
25.08.2007 Sunnylven - HaNo 3-3 (3-2)
19.05.2007 HaNo - Sunnylven 0-1 (0-0)
16.09.2006 HaNo - Sunnylven 3-2 (1-0)
18.06.2006 Sunnylven - HaNo 2-2 (0-1)
08.10.2005 HaNo - Sunnylven 4-2 (1-1)
02.07.2005 Sunnylven - HaNo 2-2 (1-0)
18.09.2004 HaNo - Sunnylven 1-0 (0-0)
06.06.2004 Sunnylven - HaNo 3-2 (2-0)
25.08.2002 Sunnylven - HaNo 2 0-0 (0-0)
26.05.2002 HaNo 2 - Sunnylven 1-2 (1-1)
19.08.2000 Sunnylven - Ha/No 3-3 (3-2)
20.05.2000 Ha/No - Sunnylven 3-2 (2-0)
17.04.1999 Ha/No - Sunnylven 2-3 (2-1)
23.08.1997 Sunnylven - Ha/No 0-5 (0-2)
14.06.1997 Ha/No - Sunnylven 3-1 (0-0)
01.05.1997 Sunnylven - Ha/No 5-1 (2-1)
03.08.1996 Ha/No - Sunnylven 5-3 (2-1)
28.04.1996 Sunnylven - Ha/No 5-6 (1-6)
30.08.1992 Ha/No - Sunnylven 6-0 (1-0)
27.05.1992 Sunnylven - Ha/No 1-5 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven