Mållaust på Hellesylt stadion
Det var botn mot topp då Sunnylven møtte Rollon på Hellesylt stadion laurdag. Kampen enda med poengdeling etter 0-0.
Sunnylven spela for å sikre ny kontrakt i 4. divisjon, Rollon hadde opprykket klart og var ute etter nye poeng og ein eventuell KM-tittel. Frå fotballgruppa fekk det nye 3. div.-laget gratulasjonar og overrekt blomster av vikarierande lagkaptein Karl Magnus Hjelle.

Få målsjansar

At det skulle vere divisjonsforskjell på laga, synte ikkje på spelet i denne kampen. Faktisk hadde heimelaget fortent alle poenga. Alt i fyrste minutt måtte Bjørnar Hoel i Rollon-målet finte eit hardt skot over til hjørnespark.

Det vart få store sjansar i fyrste omgang, men det får ei tung og glatt bane ta litt av skulda for. Tempoet var lavt og pasningane upresise. Eit godt heimeforsvar der mellom anna trenar Sindre Hjelle hadde teke plass, gjorde gjestane ufårlege. Både Kim Sture Flo og Arne Storstein var ikkje med grunna reise.

I tverrliggaren

I andre omgang vart tempoet skrudd opp og heimelaget spela seg til fleire "feite tilbod". Mellom anna small ballen i tverrliggaren og over to gonger, frå Alf Ole Sundgot og Jan Ove Aslaksen. Også Bård Forbord, Hans Kristian Stadheim og Olav Åge Åsen kunne ha gjort årets siste heimekamp til festdag for dei 88 betalande, men ballen kom
aldri i mål.

Sendt i dusjen

Håkon Mikal Dalen kom inn mot slutten og fekk brutal behandling i duell med Terje Vestre. Alt for hardt, og Rollon-spelaren fekk sjå det raude kortet og marsjordre av dommar Frank Hansen. Godøy-dommaren leia kampen glimrande.
Det slutta mållaust i årets siste A-kamp på Hellesylt stadion. Det eine poenget var likevel nok til fornya kontrakt for Sunnylven.

Rollon spela nok ikkje opp mot sitt beste laurdag, det var langt frå 3. div.-takter over laget i denne kampen. Etter reaksjonar vi såg frå Rollon-benken, meinte nok trenar Elling Kjerstad det same. Best hos gjestane var supportergjengen frå Blue Army, som stod på gjennom 90 minutt med oppmuntrande tilrop til sine fotballidol i kvitt og blått.

Publikumsjuryen kåra Jan Ove Aslaksen til heimelaget sin beste spelar laurdag.

Ein serierunde gjenstår, då møter Sunnylven HaNo. Truleg går Vigra og Ellingsøy ned, Hovdebygda og naboklubben Stranda er to av dei nye laga i 4. divisjon.
Kampfakta
Sunnylven - Rollon: 0-0 (0-0)
Hellesylt stadion
1. oktober 2005 15:00
Serien

Tilskodarar: 88

Domar: Frank Hansen, Godøy IL
Assistentdomarar: Arne Per Andersen AaFK og Zenun Murati, Giske IL
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det heime mot Rollon?
Siger
56%
Uavgjort
3%
Tap
41%
Antall stemme:: 32
Alle møter:
29.09.2007 Rollon - Sunnylven 5-2 (3-1)
21.06.2007 Sunnylven - Rollon 2-4 (1-0)
01.10.2005 Sunnylven - Rollon 0-0 (0-0)
23.06.2005 Rollon - Sunnylven 2-1 (1-0)
02.07.2003 Sunnylven - Rollon 3-1 (2-0)
24.04.2003 Rollon - Sunnylven 1-0 (0-0)
15.09.2002 Sunnylven - Rollon 2-2 (0-0)
17.06.2002 Rollon - Sunnylven 4-0 (4-0)
17.09.1994 Rollon - Sunnylven 3-4 (2-1)
15.06.1994 Sunnylven - Rollon 1-0 (0-0)
22.08.1992 Sunnylven - Rollon 0-1 (0-0)
20.05.1992 Rollon - Sunnylven 2-3 (2-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven