Sunnylven - Åram/Van. Kam.
Det var få som kjende noko til nordavinden på Hellesylt stadion torsdag kveld. Storspel av Sunnylven, spesielt i fyrste omgang varma dei mange på tribunen som fekk sjå laget vinne 4-2 over Åram/Van.kam, den tredje sigeren på rad.
Av det faste mannskapet til heimelaget var Bård Forbord ute med strekk. Kalle Hjelle slit framleis med ein vond ankel og blir neppe speleklar på eit par veker.

Sunnylven mønstre likevel eit mannskap som dominerte totalt i fyrste omgang. Angrep på angrep bølga mot gjestane og keeper Ottar Inge Rusten. Midtbana til Sunnylven med Petter Arne Overå, Jan Ove Aslaksen, Hans Kristian Stadheim og Håkon Mikal Dalen jobba stort.

Vel halvvegs i omgangen vart det teljande resultat. Alf Ole Sundgot dundra inn leiinga og sitt 7. seriemål så langt. Same spelar auka til 2-0 tre minutt seinare på straffespark etter ein hands i feltet.

Ikkje straffespark

Heimelaget hadde kontroll , og burde laga meir nettsus, men i staden vart det gjestane som kunne juble. Ei kontring vart klarert reint og kontant av Arne på 16-meterstreken, men dommar Sletta dømde straffespark. Ei feil avgjerd.
Feila gjorde derimot ikkje Ole Per Kragset som sette ballen i mål frå straffemerket. Dermed gjekk laga til pause med 2-1 til Sunnylven.

I andre omgang jamna spelet seg ut, Sunnylven si midtbane ”ramla litt ut ”, og Åram/Van.kam fyrte av kanoner tidt og ofte i medvinden. Det var difor ikkje ufortent at Bjørn Ove Åland utlikna etter 57 minutt. Vanylvs-laget kunne med litt hell også ha teke leiinga, det var stolpeskot og reddning på strek, litt ”Hawaii” kring Henning Nydahl i mål.

Mot slutten kom imidlertid Sunnylven tilbake, og mål av skoringsveteran Jens Arve Forbord og 19-åringen Hans Kristian Stadheim fastsette sluttresultatet til heimesiger 4-2.

Bestemann

Ei knakande god midtbane er nemd, Henning i mål kunne lite gjere med dei to som gjekk inn.
Også dei fire i forsvarsrekka, Olav Åge, Tor Odd, Vidar Even og Arne var solide, med sistnemde som klippa. Sikker og rask i beina og ein herskar i luftrommet.
Likevel, frå publikumsjuryen vart det ikkje poeng. Dei kåra Jan Ove Aslaksen til Sunylven sin beste denne gongen.

Framme gjekk Alf Ole og Jens godt i spann. Alf Ole Sundgot står no med 8 seriemål, og luktar på ein ny toppskorartittel.
Kampfakta
Sunnylven - Åram/Van.kam: 4-2 (2-1)
Hellesylt stadion
2. juni 2005 19:00
Serien

Tilskodarar: 65

Domar: Lars Ove Sletta, Langevåg IL
Assistentdomarar: Atle J. Hole, VRF og Oddmund Kaldhussæter, Blindheim IL
Mål
0-1 Ole Per Kragset, 40 min.
0-2 Bjørn Ove Åland, 57 min.
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det heime mot Åram/Van.Kam?
Siger
78%
Uavgjort
6%
Tap
17%
Antall stemme:: 36
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven