Sunnylven - Stordal
Det vart poengdeling og 3-3 mellom Sunnylven og Stordal sine småjentelag på Hellesylt stadion tysdag.
Heimelaget leia 1-0 ved pause etter mål av Anne Lise Lødøen Helset, eit resultat som Stordal burde vere mest nøgd med.

I andre omgang gjekk Sunnylven tidleg opp til 2-0 etter skot frå Anne Lise Lødøen Helset som gjekk i mål via ein motspelar. Ti minutt seinare reduserte Stordal, men etter halvtimen stod det 3-1 til heimelaget etter ein frisparkvariant som Anniken Hjellbakk Hole avslutta i skoring.

Etter det rakna det litt for heimelaget, og Stordal reduserte to gonger dei siste fem minutta.

Ein god og spanande kamp mellom to jamne lag der Sunnylven kunne ha sikra seg alle poenga om dei hadde fått betre utteljing på sjansane i fyrste omgang.
Kampfakta
Sunnylven - Stordal: 3-3 (1-0)
Hellesylt stadion
7. september 2004 18:30
Serien (Hausten 2004)

Tilskodarar: Ukjent antal

Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Stordal
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
07.09.2004 Sunnylven - Stordal 3-3 (1-0)
08.06.2004 Sunnylven - Stordal 5-1 (5-1)
26.08.2003 Sunnylven - Stordal 2 6-2 (5-1)
09.06.2003 Stordal 1 - Sunnylven 10-0 (0-0)
13.05.2003 Stordal 2 - Sunnylven 2-0 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven