Sunnylven åpna kampen med eit solid overtak, der laget spelte mykje bra fotball og skapte sjanse på sjanse.
Då Alf Ole Sundgot etter 8 minutt ga laget leiinga, var det på den fjerde sjansen i kampen. Målet kom etter ei god avslutning frå skrått hald, etter at Sundgot hadde blitt fint frispelt av Arne Storstein.
Kort tid etter fekk Sunnylven straffe, Alf Ole Sundgot vart felt og Tonny Åsen sette straffa sikkert i mål.
Utover omgangen viste Sunnylven ein del bra spel, der ballen gjekk hurtig mellom lagdelane og framover på bana. Mykje godt spel fører til sjanser, men ballen ville ikkje i mål fleire gonger til tross for gode forsøk.
Etter kvilen starta Sunnylven på samme viset, pressa Ellingsøy tilbake og kom til sjanser. Likevel vart det Ellingsøy som reduserte på straffespark, noko som kom etter ei kontring då Sunnylven unødig miste ballen høgt på bana.
Sunnylven hadde eit visst tak på spelet også i 2.omgang, men sleppte til Ellingsøy litt meir og dei kunne fått utlikning ved eit par høve.
Totalt sett så var dette ein kamp Sunnylven burde vunnet med tre-fire mål, men utteljinga i dag var ikkje heilt på topp - det er om ein månad i seriestarten sjansane må settast.
To nye spelarar på Sunnylven fekk sin debut mot Ellingsøy, Thord Are Stølen (ex. Høyang) og keeper Øystein Langlo (Hovdebygda, ikkje heilt avklara om han melder overgang enda) klarte seg bra og syner at det er stor kamp om plassane på laget til seriestart.
Neste helg skal Sunnylven på sosialtur til Sogndal, der laget skal møte Syril til treningskamp laurdag.
Ellingsøy - Sunnylven
Sunnylven vant sin siste kamp i vinterserien laurdag, Ellingsøy vart slått 2-1 i ein kamp Sunnylven kunne vunne mykje meir. Alf Ole Sundgot og Tonny Åsen scora måla før pause, Ellingsøy reduserte på straffe rett etter pause.
Kampfakta
Ellingsøy - Sunnylven: 1-2
(0-2)
Herd kunstgras
20. mars 2004 16:00
Vinterserien 2004
Tilskodarar: 20
Mål
Ellingsøy
Sunnylven
Alle møter:
12.03.2009 Ellingsøy - Sunnylven 2-2 (2-1)
08.09.2005 Sunnylven - Ellingsøy 3-5 (2-1)
26.05.2005 Ellingsøy - Sunnylven 0-3 (0-2)
02.10.2004 Ellingsøy - Sunnylven 3-2 (1-1)
17.06.2004 Sunnylven - Ellingsøy 7-3 (3-2)
20.03.2004 Ellingsøy - Sunnylven 1-2 (0-2)
08.09.2000 Sunnylven - Ellingsøy 4-0 (0-0)
16.06.2000 Ellingsøy - Sunnylven 2-3 (1-3)
20.08.1997 Ellingsøy - Sunnylven 7-3 (0-0)
11.06.1997 Sunnylven - Ellingsøy 0-2 (0-0)
28.04.1997 Ellingsøy - Sunnylven 3-1 (1-0)
29.09.1996 Sunnylven - Ellingsøy 4-2 (1-0)
27.06.1996 Ellingsøy - Sunnylven 3-1 (0-1)
23.09.1995 Ellingsøy - Sunnylven 2-2 (2-1)
24.06.1995 Sunnylven - Ellingsøy 2-0 (1-0)
25.09.1993 Sunnylven - Ellingsøy 2-5 (0-4)
26.06.1993 Ellingsøy - Sunnylven 4-0 (1-0)


